Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Kristenrett og kyrkjerett
Landskapslovene er mellom dei eldste, skriftlege kjeldene i norsk historie, antakeleg nedskrivne for fyrste gong på slutten av 1000-talet eller byrjinga av 1100-talet. Lovstoffet i desse lovene er samla emnevis i ulike bolkar. Kristendomsbolken, eller kristenretten, utgjer ein av lovbolkane. Innhaldet i kristenrettane spenner vidt og regulerer mange sider ved tilværet, som til dømes matføreskrifter, helgedagshald, dåp, ekteskap og gravlegging. Den klassiske tesen om opprinnelsen til kristenrettane tek utgangspunkt i Olav den heilage og hans angivlege lovgjevingsverksemd på Mostertinget på 1020-talet. Ifylgje denne tradisjonen inneheldt dei eldste norske kristenrettane ein felles grunnstamme av reglar som i hovudsak har sitt opphav frå tidleg på 1000-talet. Lovreglane er angiveleg inspirerte av angelsaksiske lover, men tilpassa dei norske lagtinga etter forhandlingar med bøndene på tinga. Avhandlinga er ein komparativ studie av innhaldet i Borgartingskristenretten, som tradisjonelt har vore peika ut til å gje det beste biletet av Olav sin kristenrett, i lys av eit større europeisk kyrkjerettsleg materiale. Både den angelsaksiske påverknaden og den sterke bondedeltakinga i lovutforminga vert trekt i tvil. Ut frå eit nærstudium av dåpsføreskrifter, mat- og prosessreglar vert det i staden argumentert for at Borgartingskristenretten må oppfattast som eit samansett sluttprodukt av ein lengre lovgjevingsprosess. I samband med dåpsføreskriftene vert moglege impulsar frå Austkyrkja drøfta. Matreglane syner tre ulike kronologiske lag, der det siste sannsynlegvis kan daterast til 1200-talet, då lova vart revidert etter prinsippa frå klassisk, kanonisk rett. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |