Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Psykiatri og perversjon
”Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960” Avhandlinga er ein studie av korleis homofili vart forstått i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til kring 1960. Oppfatninga av ”homoseksualitet” som ein biologisk og psykologisk ”perversjon” som var ibuande hos enkelte menneske kan sporast tilbake til europeisk psykiatri på 1860- og 1870-talet, og vart introdusert i Noreg gjennom medisinske artiklar og lærebøker på 1890-talet. Denne forståinga av perversjon står i motsetning til tidlegare oppfatningar der forbodne seksuelle handlingar fall i kategorien sodomi eller ”omgængelse mod Naturen”, utan at dei vart knytt til eigenskapar ved individet. I avhandlinga viser Jordåen korleis ein ”psykiatrisk tenkestil” gav grunnlag for eit medisinsk blikk på homoseksualitet som noko som botna i eit avvikande ”seksualinstinkt” og som hadde sine særskilte årsaker, symptom og potensielle førebyggings- og behandlingsmetodar. Samstundes som dette blir sett som eit brot med tidlegare oppfatningar, er det viktig å merka seg at ulike oppfatningar var tilstades samtidig: Homoseksualitet vart ikkje berre forstått som noko medfødd, men også som noko som kunne utvikla seg gjennom barndom og oppvekst. Vidare viser Jordåen i avhandlinga ei forskyving frå slutten av 1800-talet, då tiltrekkinga til personar av same kjønn vart sett som del av ei fullstendig omsnuing av det psykologiske kjønnet (ein inversjon), til at ein utover på 1900-talet i aukande grad kunne sjå denne tiltrekkinga uavhengig av dette. Studien er konsentrert om psykiatriske tekstar i tidsskrift, lærebøker og fagbøker, men undersøker i tillegg strafferett, debattar om seksualmoral og Det norske Forbundet av 1948 sin argumentasjon (særleg på 1950-talet). I tillegg til å visa korleis ei spesifikk psykiatrisk tilnærming til homoseksualitet vart dominerande som ”ekspertspråk” frå slutten av 1800-talet til 1960/1970-talet, er studien eit bidrag til korleis forståinga av ”homofili” og ”heterofili” som kulturelle kategoriar har vakse fram i vår tid. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |