Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Nysjamanisme - identitetsforhandling og kulturpolitikk

Trude Fonneland   
Trude Fonneland disputerer fredag 11. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: “Samisk nysjamanisme: i dialog med (for)tid og stad. Ein kulturanalytisk studie av nysjamanar sine erfaringsforteljingar – identitetsforhandlingar og verdiskaping”

Kva verdiar trekkjer nysjamanar fram som sentrale i deira identitetsforhandlingar og i marknadsføring av sjamanistiske produkt og tenester? På kva måte kan nysjamanar si verksemd seiast å gripa inn i kulturelle prosessar i samtida, og i kva grad kan ein spora interaksjon mellom det vaksande nysjamanistiske feltet og eit kulturpolitisk felt? Dette er spørsmål som vert undersøkt i avhandlinga.

Med utgangspunkt i observasjonar, dokumentanalysar og intervju med nysjamanar med tilknyting til Nord-Noreg tematiserast moderne sjamanar sitt forhold til emna; natur, urfolk og fortid. Avhandlinga synleggjer nysjamanar sine førestellingar om og bruk av naturen gjennom deira tilknyting til eit nordnorsk landskap. Ho utdjupar korleis nysjamanar på ulike måtar knyter band til verda sine urfolk, og korleis dette verkar som legitimeringsgrunnlag for eigne aktivitetar og erfaringar.

Vidare kastar avhandlinga lys over nysjamanar si tilknyting til ei utvalt fortid, og spør på kva måte valet av fortid får konsekvensar for notida og for deira konstruksjon av ein personleg identitet som nysjamanar. Den nordnorske naturen og samisk kultur og tradisjonar er sentrale ressursar i nysjamanar sine identitetsforhandlingsprosessar, men dette er også verdiar som inngår i eit kulturpolitisk felt der forhandlingar og omtolkingar av lokale identitetar stadig vert utfordra. Avhandlinga viser korleis referansar til nord norsk kultur og samisk kultur og tradisjonar inngår i ei regional merkevarebyggjing og vert nytta for å skapa blest kring folk, landsdel, arrangement og organisasjonar.

Personalia:
Trude A. Fonneland er fødd i 1977 og oppvaksen på Fonnaland i Hardanger. Ho avla Cand. Philol. eksamen ved Institutt for kunsthistorie og kulturvitskap, Universitetet i Bergen, i 2002, og har i perioden 2004-2009 vore tilsett som NFR-stipendiat ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
10.06.2010, kl. 16:30. Oppgitt emne: "Klassisk sjamanisme og ny-sjamanisme i et kjønnsperspektiv: Forskjeller og likheter?"
Stad: Auditorium A, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Tid og stad for disputasen:
11.06.2010, kl. 09:30, Auditorium A, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Kontaktpersonar:
Trude Fonneland, tlf: 40 28 63 55, epost: Trude.Fonneland@ahkr.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a), e-post:sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA.For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.