Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Kva hende i bronsealderen?
”The Bronze Age of Northwestern Scandinavia”. Avhandlinga tek utgangspunkt i bronsegjenstandar og støypeformer frå bronsealderen, 1700-500 f. Kr. Utfrå dette materialet søkjer Engedal å kaste lys over endring i både vide og tette nettverk av menneske og materie i bronsealderen. På den eine sida granskar han Skandinavia sin plass i dei skiftande nettverka som frakta kopar og tinn mellom Atlanteren og Kina, Middelhavet og Barentshavet. På den andre nærmar han seg einskildindividet sine handlingar og sanselege erfaringar med metall og metallstøyping. Såleis er avhandlinga óg eit forsøk på å passe inn det små i det store, hendinga i historia, og tingen i tanken. Bronsealderen er ein lenge forsømd epoke i norsk førhistorie. Som perioden mellom steinalderen og jernalderen er han i hjartet av førhistoria og sentral i forståinga av dei lange linene. Engedal hevdar at ei vesentleg drivkraft i bronsealderhistoria var handel med pelsverk både frå den sør- og nordnorske fjellheimen. Dette pelsverket gjekk inn i to store metallnettverk, det eine leia aust til Uralfjella, det andre sør til Alpene. Vidare hevdar han at den særskilde karakteren til bronsealderen både i Noreg og i Sør-Skandinava, best kan forklarast med at dette pelsverket var attraktivt ikkje berre på kontinentet men óg mellom elitane i Middelhavet og Midt-Austen. Avhandlinga vert slik ei ny forteljing om norsk bronsealder som både set Jæren, Karmøy, Sogn, Mørekysten, Beitstadfjorden og Lofoten på eit større arkeologisk verdskart, men som samstundes tek oss nærare inn på einskildindivida som bar tunge bronsesmykke, svinga bronsesverdet og tømde smeltedigelen. Personalia: Tid og stad for prøveforelesingane: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |