Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD MR og kognisjon ved nydiagnostisert Parkinsons sjukdom
”Structural brain MRI and cognition in newly diagnosed Parkinson’s disease.” Parkinsons sjukdom er ein kronisk hjernesjukdom med auka risiko for å utvikla demens. Demens har ei rekkje negative konsekvensar både for pasientar og pårørande, men inneber også viktige samfunnsøkonomiske utfordringar. Mild kognitiv svikt er nedsett evne til å tenkja, hugsa, oppfatta og læra som ikkje er uttalt nok til å gå ut over daglegdagse aktivitetar. Slik svikt kan indikera ein auka risiko for å utvikla demens. Ved å kartleggja særtrekk ved eit mogleg forstadium til demens i Parkinsons sjukdom, ynskjer ein å oppnå kunnskap som kan vera med på å forhindra ei svært negativ side av sjukdomen. Målet med avhandlinga har vore å undersøkja om det ved MR er mogleg å avdekkja endringar i hjernen som kan forklara mild kognitiv svikt i tidleg fase av Parkinsons sjukdom. Materialet i arbeidet er henta frå ParkVest, ein stor og unik studie som skal følgja pasientar med nydiagnostisert Parkinsons sjukdom i Sør – og Vest - Noreg over ein periode på 10 år. MR bilete av eldre kontrollpersonar og pasientar er analyserte i samarbeid med Buffalo Neuroimaging Analysis Center, Buffalo, NY, USA. Avanserte databaserte analysar kan tyda på at endringar i hjernen sine blodårer spelar ei lita rolle i tidleg kognitiv svekking hjå pasientane. Volumanalysar viser ikkje uttalt tap av hjernevev som årsak til redusert kognitiv yteevne. Av særskild vitskapleg interesse er funna av auka ventrikkelsystem, dei væskefylde holromma i hjernen, hjå dei med mild kognitiv svikt samanlikna med kontrollpersonane, noko som likevel kan tyda på ei viss grad av nervecelledød i hjernestamme, midthjerne og temporallappar. Framtidig forsking bør derfor leita vidare i desse delane av hjernen for å prøva å avdekkja sjukdomsmekanismane bak kognitiv svikt i Parkinsons sjukdom. Personalia: Tidspunkt og sted for prøveforelesningen: Tidspunkt og sted for disputasen: Kontaktpersoner: Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte. |