Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Genendringar og resistens mot cellegift i brystkreft
”Chemotherapy Resistance in Breast Cancer: The potential role of Chk2 splice variants and RB1 alterations”. Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner med over 2700 nye tilfelle i Noreg per år. I over femti år er brystkreft blitt behandla med blant anna cellegift, men behandlingseffekten er avgrensa. Ved spreiing til andre organ er utvikling av resistens mot terapi uunngåeleg, men årsaka til dette er ukjend. Per i dag er det ingen prediktive faktorar som kan nyttast til å selektere dei av brystkreftpasientane som vil ha nytte av ulike typar cellegiftbehandling, og ein del pasientar vert difor overbehandla. Under doktorgradsarbeidet har Elisabet Ognedal Berge kartlagt ulike genendringar som moglege årsaker til resistens mot cellegiftbehandling i brystkreft. Genet Chk2 beskytter mot kreft og spelar ei sentral rolle for effekten av cellegifta. Elisabet Ognedal Berge har vist at fleire forkorta proteinvariantar av Chk2 observert i brystkreftsvulstar har ein negativ innverknad på funksjonen til den normale proteinvarianten, og kan dermed potensielt hemme effekten av cellegifta. Vidare har ho vist at endringar i genet RB1 også kan vere ei medverkande årsak til behandlingssvikt blant brystkreftpasientar, men at tilsvarande feil truleg har liten innverknad på spreiing av kreftceller frå bryst til andre organ. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |