Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2010
NY DOKTORGRAD Framsteg innan integrerte visualiseringar
Visualisering av store og kompliserte datasett krev at ein på ein effektiv måte presenterer for brukaren det som er interessant. I denne avhandlinga vert ulike teknikkar presentert for å meir effektivt utnytta visualiseringsflata ved at ein integrerer så mykje informasjon som mogleg i den same visualiseringa. Den tradisjonelle framgangsmåten å presentera slike data på, er å dela visualiseringsflata opp i ulike "vindauga" og ha koplingar mellom desse. Det er to hovudproblem med denne metoden. Det første problemet er at med meir komplisert data treng ein fleire "vindauga" og jo fleir "vindauga" ein har jo mindre plass får kvar av dei. Det andre problemet er at det vert vanskeleg å følgja med på resultata frå koplingane mellom "vindauga". I avhandlinga vert ulike framgangsmåtar for å laga integrerte visualiseringar for komplekse data innan ulike fagfelt som medisin, havforsking og klima utforska. Problemstillingar som dukkar opp med omtanke på integreringa har óg vorten handsama. Målsetjinga til dette arbeidet har vore å laga visualiseringar som på ein heilheitleig måte gjer dei omfattande og kompliserte underliggjande data lettare å få innsikt i. Graden er utført på Universitetet i Bergen, i visualiseringsgruppa ved Institutt for informatikk, i samarbeid med Technische Universität Wien, Østerrike. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |