Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Eigedomsrett, bruk og næring i kystnære sjøområde

Ingunn Elise Myklebust   
Ingunn Elise Myklebust disputerer tysdag 15. desember 2009 for Phd-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Strandrett og offentleg styring. Strandeigaren sin rett til tradisjonelle og nye utnyttingsmåtar i sjøen i møte med offentleg arealplanlegging og konsesjonsreglar.”

Det er lang tradisjon i Noreg for at den som eig strandlinja, også eig eit stykke utover i sjøen. I tillegg til einerett til å utnytte sjøområdet ut til marbakken, har strandeigaren rett til einskilde særskilte utnyttingsmåtar som kan strekkje seg lengre ut enn den allmenne eigedomsgrensa. Av tradisjonelle ”strandrettar” nemner ein gjerne utfyllingsrett, tilflotsrett, rett til laksefiske, rett til utsikt og vern mot støy. Temaet for denne avhandlinga er omfanget av strandeigaren sine private rettar utanfor den allmenne eigedomsgrensa og tilhøvet mellom desse rettane og utnyttingsmåtar baserte på allemannsrett eller offentleg løyve. Bakgrunnen for å ta opp dette temaet i dag er den auka bruken av kystnært sjøområde til akvakultur, vindkraft, bølgjekraft, småbåtanlegg, turisme og friluftsliv. Dette reiser spørsmål både om kva for nye utnyttingsmåtar som kan vere særrettar for strandeigaren, og kva for vern strandeigaren har for tradisjonelle rettar i konflikt med nye utnyttingsmåtar i det kystnære sjøområdet.

I avhandlinga lanserer forfattaren eit rettsleg prinsipp om ”open kyst” som kan nyttast som eit alternativ til prinsippet om allmenn handlefridom og ”fritt hav”. Eit prinsipp om ”open kyst” samlar verdiar som bør ha vekt når ein avgjer rettsspørsmål som gjeld kystsona, som t.d. allmenn ferdsle, fiske og friluftsliv, tilflotsrett, laksefiskerett og rett til utsikt. Det vert argumentert for at det sentrale spørsmålet i dag ikkje er om staten kan ha ein særleg statleg eigedomsrett i sjøen, men kva som er innhaldet i staten sin forvaltningskompetanse. Eit sentralt spørsmål er dermed i kor stor grad offentlege styresmakter har kompetanse og plikt til å ta omsyn til private rettar ved tilrettelegging av nye arealkrevjande utnyttingsmåtar i sjøen.

Eit mål om berekraftig forvaltning av det kystnære sjøområdet kan tryggjast både gjennom ulike former for offentleg styring, men også gjennom vidare utvikling av private rettar. Forfattaren legg til grunn at private rettar ikkje treng å vere det same som einerettar. I staden kan det vere førsterettar til å få tildelt ein offentleg konsesjon (t.d. til fiskeoppdrett) i dei tilfelle det er konkurranse mellom fleire. Ein fordel med prioritering av strandeigaren sine interesser, er at ein kan oppnå både ønskt næringsvekst og oppretthalde busetnaden i distrikta. Avhandlinga konkluderer med at strandretten kan styrkjast gjennom regulering i lov, og at reglane om offentlegrettsleg styring bør verte klårare og betre samordna. Prinsippet om ”open kyst” bør få større vekt.

Personalia:
Ingunn Elise Myklebust er utdanna cand. jur. ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen, 1997. Avhandlinga er skriven som stipendiat same stad. Myklebust har også tidlegare arbeidd som universitetslektor ved Det juridiske fakultet, og arbeider der i dag som forskar.

Tid og stad for prøveforelesinga:
14.11.2009, kl. 17:15. Oppgitt emne: "Vern mot statlege inngrep i eigedomsrett og rettar over fast eigedom i nyare
Stad: Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagabøtes plass 1.

Tid og stad for disputasen:
15.12.2009, kl. 10:15, Auditorium 2, Jussbygget, Magnus Lagbøtesplass 1.

Kontaktpersonar:
Ingunn Myklebust, tlf: 55 58 95 62, epost: ingunn.myklebust@jur.uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a), e-post: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.