Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Russisk eksilhistoriografi

Kåre Johan Mjør   
Kåre Johan Mjør disputerer fredag 24. april for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

Reformulating Russia: The Cultural and Intellectual Historiography of Russian First-Wave Émigré Writers.

Avhandlinga er ein studie av fire klassiske russiske kultur- og idéhistoriske framstillingar, skrivne av Georgij Fedotov, Georgij Florovskij, Nikolai Berdjaev og Vasilij Zenkovskij. Dei forlét alle heimlandet sitt etter bolsjevikane si maktovertaking og -konsolidering på slutten av 1910- og byrjinga av 1920-talet. I sitt eksil skapte dei ein ny historiografi som primært var vigd russisk tru og tanke – ein type historiske studiar som i svært liten grad hadde funnest før revolusjonen.

Avhandlinga viser korleis denne nye historiografien er fundamentalt knytt til det vitale russiske emigrantmiljøet i mellomkrigstida (særleg i Paris) og til eksilsituasjonen. Russiske emigrantar utvikla ei sjølvforståing der det var dei som representerte det sanne, ikkje-bolsjevikske Russland. Dei påla seg ei særleg oppgåve og jamvel ein misjon i å bevara det gamle og førebu det nye, postrevolusjonære gjenfødde Russland. Med sine forteljingar forsøker dei å gje sine russiske lesarar, som tekstane primært er vendt til, ei felles fortid og ein felles arv som gjer notida og framtida meiningsfull. Den russiske ortodoksien spelar for alle ei viktig rolle her. Trass i at dei deler dette utgangspunktet, skaper dei likevel høgst ulike og motstridande versjonar av denne fortida.

Hovuddelen i avhandlinga blir utgjort av fire nærlesingar, der dei enkelte narrative utformingane av russisk kultur- og idéhistorie blir analysert utfyllande. Desse blir vidare kontekstualisert i høve til måten russiske emigrantar forstod seg sjølve og sin eksilsituasjon på, så vel som til måtar Russland hadde blitt framstilt på innanfor førrevolusjonær russisk historiografi. Samla sett gjev avhandlinga utfyllande kunnskap om korleis desse eksilforfattarane konstruerer ei samanhengande, nasjonal ånds- eller idéhistorie og korleis dei skaper bestemte mønster i fortida. Ho gjev oss også ei djupare forståing for det situasjonelle ved slike prosjekt. Gitt den store lesarskaren og påverknaden desse tekstane har hatt innanfor russiskfaget, representerer ho dessutan eit bidrag til faghistoria og den faglege sjølvrefleksjonen.

Personalia:
Kåre Johan Mjør, f. 1973, er cand.philol. frå Universitetet i Bergen (2000), og har vore doktorgradstipendiat ved Det humanistiske fakultetet sidan 2004. Han har i tillegg arbeidd i utanrikstenesta, i studieadministrasjonen ved UiB og som manusredaktør, og gav i 2002 ut ein monografi om Lev Tolstoj.

Tid og stad for prøveforelesinga:
23.04.2009, kl. 16:30. Oppgitt emne: "Resepsjonen av Nikolaj Berdjajev i det postsovjetiske Russland"
Stad: Aud. B, Sydneshaugen skole

Tid og stad for disputasen:
24.04.2009, kl. 09:30, Aud. B, Sydneshaugen skole

Kontaktpersonar:
Kåre Johan Mjør, Tlf: 55 58 84 07, epost: Kare.Mjor@if.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.