Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Nakkesleng kan skade leddband i nakken

Bertel Rune Kaale   
Bertel Rune Kaale disputerer den 13. november 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Clinical aspects in the late stage of whiplash injury”. Resultat frå denne studien tyder på at det føreligg skader på leddband og membranar i overgangen mellom nakke og hovud hos pasientar med whiplashplager.

Tidlegare studiar av nakkeslengskader etter eit biluhell har vore basert på sjølvrapporterte symptom og plager. Det har vore vanskeleg å syne til fysiske teikn eller funn som indikerer ein organisk skade hos desse pasientane. Det har også vore vanskeleg å synleggjere at personen sine symptom og plager verkeleg er ein konsekvens etter eit nakkeslengtraume. I det klinisk diagnostiske arbeidet har ein ofte konkludert med at symptoma oftare har hatt ei psykologisk/psykososial forklaring enn ei fysisk forklaring.

Målet for dette vitenskaplege arbeidet var å undersøkje om nakkeslengpasientar rapporterte kraftigare symptom, og med omfattande avvik i nakkefunksjon, samanlikna med normalbefolkninga. Nakkeslengpasientane og kontrollgruppa vart undersøkt klinisk og med magnettomografi (MR) for utvalde membranar og leddband i nakken.

Resultata indikerer at subjektive symptom og rapporterte plager blant nakkeslengskadde personar kan ha samanheng med mulige skadar i membranar og leddband i nakken. Dette gjeld spesielt i høve til forandringar til alar leddbanda, dei såkalla ”vingebanda”, øvst i nakken. Arbeidet viser vidare ein mulig samanheng mellom kollisjonsretning og rotert nakke-/hovudstilling ved kollisjonstidspunktet på den eine sida, og graden av MRI-forandringar i membranar og leddband i øvre nakkeregion. Vidare resultat frå arbeidet indikerer at test av aktiv nakkerørsle og passiv manuell test kan vere indikatorar for mulige skadar til strukturar i overgang nakke-hovud.

Det er viktig vidare å få verifisert om dei aktuelle MR-funna er reelle skadefunn som følgje av eit ytre traume, eller om det er vanlege naturlege vevsendringar.

Personalia:
Bertel Rune Kaale, fødd 1959, bur på Sandane i Gloppen kommune. Kaale vart utdanna fysioterapeut i Bergen i 1984. Vidareutdanning i manuellterapi i Tromsø i 1991. Han oppnådde graden cand. scient i 1996, med hovudfag i fysioterapi ved Universitetet i Bergen. Frå og med 1999 og fram til 2009 har Kaale vore knytta til Institutt for kirurgiske fag ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Ved sida av sitt doktorgradsarbeid, har han arbeidd som manuellterapeut på Sandane.

Tid og stad for prøveforelesinga:
12.11.2009, kl. 14:15. Oppgitt emne: Samspill mellom organiske og psykososiale faktorer ved kroniske, posttraumatiske smertetilstander
Stad: Auditorium 2, BB-bygget, Haukeland Universitetssjukehus

Tid og stad for disputasen:
13.11.2009, kl. 10:15, Auditorium 2, BB-bygget, Haukeland Universitetssjukehus

Kontaktpersonar:
Bertel Rune Kaale, tlf: 95237462, epost: kaale@c2i.net
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a), e-post: sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.