Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Modifiserte sukkermolekyl i medisinsk forsking

Bjarte Holmelid   
Bjarte Holmelid disputerer onsdag 17. juni 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”From trihalocyclopropanes to carbohydrate analogues via functionalized alkynes”

Karbohydrat er ei gruppe stoff som er svært vanlege i naturen og inngår i stort sett alle fysiologiske prosessar. Felles for desse kjemiske substansane er at dei også inngår som viktige komponentar i ei rekkje legemiddel. Forsking har vist at verknaden av mange legemiddel kan tilskrivast sukkereininga og vidare at effekten kan aukast dersom ein gjer små endringar i strukturen til sukkermolekylet i legemiddelet.

I avhandlinga er det beskrive og utvikla prosedyrar for framstilling av ei rekkje slike modifiserte karbohydrat frå enklare utgangsstoff noko som gjev eit rikt spekter av
stoff å velje blant til modifisering av legemiddel samt utvikling av nye legemiddel.

Personalia:
Bjarte Holmelid er fødd i 1977 og er oppvaksen i Askvoll i Sunnfjord. Han avla cand.scient.-graden i organisk syntese ved Universitetet i Bergen i 2002. Sidan 2005 har han hatt stilling som universitetsstipendiat i organisk syntese og doktorgradsarbeidet er utført i forskingsgruppa til Professor Leiv K. Sydnes ved Kjemisk institutt i Bergen. Noko av det eksperimentelle arbeidet vart også utført ved Queens University i Kingston, Canada.

Tid og stad for disputasen:
17.06.2009, kl. 10:30, Auditorium II, Realfagbygget, Allègt. 41.

Kontaktpersonar:
Bjarte Holmelid, tlf, 97544269/55583478, epost: bjarte.holmelid@kj.uib.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.