Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2009
NY DOKTORGRAD Produktiv samhandling i IKT støtta læringsmiljø
”Productive interactions in ICT supported communities of learners” Den sterke satsinga på bruk av digitale verktøy i undervisninga dei siste åra har gitt norske lærarar store og nye utfordringar. Avhandlinga syner at datastøtta undervisning opnar for læring utover det som tidlegare er kjent frå tradisjonelle fysiske møte. Elevar og studentar kan strekke seg lenger og samarbeide på andre måtar om å bygge felles kunnskap. Helleve fokuserer på det gjensidige forholdet mellom innhald/fag, pedagogikk/didaktikk og teknologi. Dette forholdet er først beskrive og deretter analysert på bakgrunn av felles tekstar produserte ved hjelp av IKT. Studien syner at læraren spelar ei avgjerande rolle for at arbeidet skal føra til produktiv samhandling Grunnleggjande føresetnader er planlegging og tilrettelegging for aktivitetar og oppgåver som stimulerer til argumentasjon og kreativitet. Ein annan viktig førestnad er eit læringsmiljø basert på tillit. Funna har relevans for lærarar, lærarutdannarar, forskarar og politikarar. Avhandlinga byggjer på 3 studiar; ein frå grunnskulen og to frå grupper av lærarstudentar. Studiane nyttar aksjonsforsking som metodologisk tilnærming med m.a. deltakande observasjon, intervju og vurdering av tekstmaterial som metodar. Helleve deltek i forskingsgruppa ”Digital Learning Communities” (DLC) ved Seksjon for lærarutdanning ved Det psykologiske fakultet. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |