Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2009
NY DOKTORGRAD Intime møte med den materielle verda i det sørlege Afrika
Avhandlinga tek for seg to hovudtema. For det første handlar ho om møte mellom ulike kunnskapar om den materielle verda. For det andre om dei intime relasjonane mellom menneske og deira materielle omgjevnadar som vi finn når vi studerer sosial praksis i hushald. Tilnærminga består av tre komparative feltstudie av kvinners forhold til leire, keramikk og hushaldsrom i notidige kontekstar blant Bantutalande i Mosambik, Botswana og Sør-Afrika. I tillegg består avhandlinga av ei syntese av den arkeologiske sekvensen kjent som Moloko, tilhøyrande tidsrommet mellom om lag 1300 og 1840 e.Kr. Dermed set studiet fokus på produksjon og bruk av leirkar, samt deira forhold til hushaldet sine andre materielle, sosiale og kosmologiske aspekt i det sørlege Afrika i sein førhistorisk og historisk tid. Medan tilnærminga hovudsakeleg er arkeologisk må ho i høgste grad reknast som tverrvitskapleg. Avhandlinga trekkjer veksel på eit vidt spekter av innsikt frå disiplinar som antropologi, historie, sosiologi og filosofi. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |