Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2009

NY DOKTORGRAD

Arbeid, kjønn og globalisering på Bali, Indonesia.

Anette Fagertun   
Anette Fagertun disputerar fredag 16. januar 2009 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”The Gender of Work and the Work of Gender: On social transformations in two fisher villages on Jimbaran Bay, Bali, Indonesia”.

Avhandlinga er basert på feltarbeid blant lav-kaste [Sudra] menneske i to fiskarlandsbyar på sør-Bali. Det sentrale spørsmålet er korleis rask økonomisk vekst og ekspanderande arbeidsmarknad skapar endringar i idear og normer knytt til arbeid og kjønnsrollemønster. Fokuset for avhandlinga er korleis kjønn formgjev kvinner og menn sine arbeidspraksisar, samt korleis kjønn, som eit sosialt prinsipp, også strukturerar ulike arbeidsfelt som Bali-Hindu seremoni, naboskap, hushald og arbeidsmarknad.

Fagertun drøftar korleis kjønn samspelar med andre sosiale prinsipp, særskilt kaste og klasse men også slektskap og kosmologi, i utforminga av sosial mobilitet og deltaking i den framveksande kapitalistisk økonomien.

Sentrale funn i analysen av eit samfunn som for berre nokre tiår sidan baserte seg på subsistensproduksjon og byttehandel, er at kjønn, kaste og klasse samverkar i forhold til aktørane si posisjonering på arbeidsmarknaden og kva nye typar av arbeid som er ’opne’ for kvinner og menn i ulike samfunnslag. Arbeid og arbeidsmoralitetar er kjønna, noko som gjev seg konkret utslag i ei meir avgrensa deltaking av kvinner enn menn i den formelle sektoren av økonomien. Samstundes vert det skapt nye forskjellar mellom familiar i lokalsamfunnet; forskjellar basert på tilgang til produksjonsmidlar og nye typar arbeid. Kvinner er ofte sjølvtilsette i den uformelle sektoren av økonomien og er avhengige av sin mann for tilgang til viktige produksjonsmidlar [land]. Menn, som er sesongfiskarar, har eigarskap over land og produksjonsmidlar gjennom far sin, og dei tek avgjersler i naboskap / landsbysamanheng om blant anna kollektivt arbeid for kvinner. Soleis finn me ei strukturell underordning av kvinner, og ei streng kjønnsdeling i dei fleste arbeidsfelt på Bali.

Likevel ser ein at kvinner og menn av høg-kaste og/eller med høgare utdanning har andre moglegheiter for sosial mobilitet innan eit nytt framveksande verdiregime ein kan kalla klasse. Dette skapar sosiale og kulturelle endringar identifiserbare i arbeidsmigrasjon og endra busetnadmønster, nye familiesamansetjingar, nye typar av rituell aktivitet og andre typar av, og normer for, arbeid. Klasse erstattar likevel ikkje kaste, men desse er verksame samstundes som to ulike verdiregimer for sosial organisasjon på Bali.

Personalia:
Anette Fagertun f. 1970 kjem frå Stord. Ho tok cand.polit.- graden i 1998 ved Institutt for sosialantropologi, UiB. I perioden 2000-2006 var ho tilsett som NFR-stipendiat ved Institutt for sosialantropologi, UiB, der ho var knytt til det internasjonale forskarprosjektet MEISA (Migrants and Entrepreneurs in Insular Southeast Asia). Fagertun er for tida tilsett som universitetslektor knytt til m-phil.-programmet ved Institutt for sosialantropologi, UiB.

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.01.2009, kl. 15:15. Oppgitt emne: "Paradoxes of rapid economic development in global tourist resorts: A comparative perspective"
Stad: Ulrike Phils Hus, Professor Keysersgate 1.

Tid og stad for disputasen:
16.01.2009, kl. 10:15, Ulrike Phils Hus, Professor Keysersgate 1.

Kontaktpersonar:
Anette Fagertun, tlf 555 89 277, epost: anette.fagertun@sosantr.uib.no
Mediekontakt Therese Marianne Istad, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: therese.istad@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.