Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2009
NY DOKTORGRAD Erosjon og avleiring frå Bødalsbreen
“Glacial processes, sediment budgets and erosion rates: The Bødalsbreen Glacier, western Norway” Breane er vakre naturfenomen som har stor innverknad på korleis landskapet utvikar seg. Dagens og fortidas brear har grave seg djupt ned i berggrunnen og forma det vakre og verdskjende fjordlandskapet som kvart år dreg til seg turistar i tusental. Både på land og i sjø finst det store mengder lausmassar som breane har avsett. Det er mange årsaker til at det er viktig å forstå og kvantifisere erosjon og avsetjing frå breane. For eksempel vil dette gjere det mogleg å få betre kunnskap om korleis landskapet har utvikla seg gjennom tid. Jord danna ved breaktivitet er viktige som reservoar for grunnvatn og ressursar for byggeindustrien, og utgjer det viktigaste jordbruksarealet i mange deler av verda. I tillegg vil glasial erosjon konsumere CO2 frå lufta og slik kunne ha effekt på det globale klimaet. I dette doktorgradsarbeidet vart glasial erosjon og avleiring undersøkt i eit område ved Bødalsbreen i vest-Noreg. Dei glasiale prosessane har her verka i tidsperioden etter den vesle istida (ca 1750). Sedimenta framfor breen vart analyserte og kvantifiserte ved bruk av fleire ulike teknikkar, og innsamla data gjer det mogleg å rekne ut kor raskt breen kan slite ned berggrunnen. Resultata tyder på at nedslitinga går fortare enn det ein har funne gjennom tidlegare arbeid i Noreg. Arbeidet viser elles kor viktig omarbeiding av eldre avleiringar er i glasiale prosessar. Det inneber at ein i eit område med aktive brear kan ha fleire syklusar med erosjon, transport og avleiring. Gjennom å studere slike prosessar kan ein også forstå korleis dette påverkar eigenskapen til avleiringane. Slik kunnskap kan ha stor nytte mellom anna i geoteknisk samanheng. PhD-prosjektet er ein del av ”SEDITRANS”-prosjektet finansiert av Noregs Forskningsråd. I dette prosjektet blir prosessar som styrer landskapsutviklinga studert langs eit snitt frå dal til fjord i Nordfjord. Fylkesmannen i Sogn & Fjordane og leiinga ved Jostedalen Nasjonalpark gav løyve til å gjennomføre feltarbeid i nasjonalparken. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |