Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2008
NY DOKTORGRAD Genet Arc styrer minne på nervecellenivå
“The role of immediate early gene Arc/Arg3.1 in long-term potentiation and neurogenesis”. Vår evne til å hugse og endre åtferdsmønster er avhengig av endringar i hjernen. Kommunikasjon mellom nerveceller skjer ved små kontaktpunkt som vert kalla synapsar. Endringar i signal ved synapsar kan ligge til grunn for lagring av informasjon i hjernen. Avhandlinga granskar mekanismen bak ein slike langvarig effekt, som vert kalla langtidspotensiering (LTP). Funna våre demonstrerer eit dynamisk behov for eit bestemt gen, Arc, i oppretthaldinga av LTP i levande rotter. Arc fører truleg til at synapsekoplingar mellom nerveceller veks og blir sterkare. I denne delen av hjernen (hippokampus) vert det òg danna nye nerveceller heile livet. Desse vert danna frå eksisterande stamceller. Avhandlinga knyter uttrykk av Arc-genet til mogning og integrering av disse nye nervecellene i eksisterande nervekrinsar. Desse funna er såleis viktige for vidare forsking på Alzheimers sjukdom og andre tilstandar med sviktande hugse. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |