Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2008

NY DOKTORGRAD

Havstrømmar studert ved bruk av radioaktivitet frå Sellafield

Steinar Orre   
Steinar Orre disputerer onsdag 12. mars for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Circulation features in the northern North Atlantic Ocean inferred from simulated radioactive tracers”

Havet speler ei nøkkelrolle i klimasystemet på jorda -havstrømmar fører varme frå tropiske strøk til polare områder og havet er med på å regulera innhaldet av CO2 i atmosfæren. Mellom Island og Skotland strøymer varmt og salthaldig sjøvatn nordover til Dei nordiske hava, mens i Danmarkstredet mellom Island og Grønland strøymer kaldare sjøvatn sørover i Atlanterhavet. Omdanninga av havvatn i Dei nordiske hava står for ein stor del av forsyninga av dei djupe vannmassene i verdshava. Dei nordiske hava er viktige for klimasystemet både fordi dei gjev frå seg varme, og fordi danning av djupe vannmasser transporterer menneskeskapt CO2 og andre sporstoff ned til store havdjup.

Radioaktive utslepp frå Sellafield på den britiske sida av Irskesjøen har ført til auka innhald av ulike radioaktive sporstoff i sjøen. Nokre av desse sporstoffa, til dømes technetium-99 og jod-129, er særs oppløyselege i vatn og vert ført med havstrømmar frå Irskesjøen og ut i Nordsjøen, og vidare nordover langs norskekysten. Desse sporstoffa vil då ”fargelegga” transportvegen frå Irskesjøen til Barentshavet eller Labradorhavet, til dømes.

Eit viktig verktøy for å forstå tidlegare og framtidige klimaendringar er numeriske modeller. I avhandlinga er det gjort bruk av havkomponenten til klimamodellen som er sett opp ved Bjerknessenteret i Bergen, og denne modellen er brukt til å simulera transport av desse radioaktive sporstoffa. For å sjå kor realistisk modellen er kan ein direkte samanlikna observerte verdiar med simulerte verdiar. Det viser seg at havmodellen i stor grad er i stand til å gjenskapa transport av technetium-99 og jod-129 gjennom Dei nordiske hava og ned i djupet av Labradorhavet. Studien konkluderer med at radioaktive sporstoff frå Sellafield er ein effektiv måte å testa havmodeller på, og til å betre forståinga av blandingsprosessar i havet og kor lang tid det tek frå utslepp i Irskesjøen til dei radioaktive stoffa kan sporast langs Norskekysten.

Personalia:
Steinar Orre er født i 1979 og oppvaksen på Klepp på Jæren. Han avla cand. scient eksamen i fluidmekanikk ved Matematisk institutt, Universitetet i Oslo i 2004. PhD-arbeidet er finansiert av Norges Forskningsråd, og utført ved Nansen senter for miljø og fjernmåling.

Tid og stad for disputasen:
12.03.2008, kl. 09:15, Nansen senter for miljø og fjernmåling, Thormøhlensgate 47, 5006 Bergen

Kontaktpersonar:
Steinar Orre, epost: Steinar.Orre@nersc.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.