Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2008

NY DOKTORGRAD

Strukturar i det norske journalistiske feltet

Jan Fredrik Hovden   
Jan Fredrik Hovden disputerer fredag 20. juni 2008 for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Profane and Sacred: A Study of the Norwegian Journalistic Field".

Avhandlinga er ein breitt anlagt studie av norsk journalistikk som eit eige sosialt system, med utgangspunkt i den franske sosiologen Pierre Bourdieu sine teoriar om sosiale felt. Avhandlinga argumenterer for at journalistikken i Noreg gjennom 1800- og 1900-talet gradvis har teke ei form av eit eige sosialt mikrokosmos, der dei rådande idear om god og dårleg journalistikk, kven som er ekte journalistar, kva som er journalistikkens oppgåver og ideal i stadig mindre grad er forma av “ytre” ideal (t.d. idear om “demokrati”) til fordel for ein “journalistikk for journalistikkens eigen del” der ulike journalistiske elitar kjempar mot kvarandre om definisjonsretten over desse spørsmåla.

I dette feltet er ikkje alle journalistar og alle former for journalistikk like verdifulle, men får sin verdi primært gjennom si plassering i journalistikkens indre makt- og statushierarki. Gjennom multivariate statistiske analyser av surveydata om journalistar og journaliststudentar forsøker avhandlinga å skissere denne feltstrukturen; dels gjennom å identifisere viktige ressursar (kapital) som gjev journalistar føremoner i kampen om prestisjefulle posisjonar (t.d. ein redaktørjobb i Dagbladet eller ein journalistpris), dels ved å registrere korleis slike ressursar varierer blant journalistar i ulike publikasjonar og i ulike typar journalistikk, og dels ved å sjå dette i samanheng med den ulike sosiale rekrutteringa til desse posisjonane.

Ein sentral påstand er at det er viktige systematiske samanhengar mellom det ein i antropologisk ordelag kan kalle norske journalistars kosmologi (deira ulike ideal og forestillingar om journalistikk), deira posisjon i dette norske journalistiske feltet (kapital) og deira klassebakgrunn (habitus). Avhandlinga argumenterer slik for Bourdieus feltteori som ei teoretisk fruktbar tilnærming med viktige konsekvensar for forståinga av norsk journalistikk.

Personalia:
Jan Fredrik Hovden (38) kjem frå Ørsta. Han tok cand.polit.-graden i 1997 ved Institutt for sosiologi ved Universitetet i Bergen, og var i tida 1998-99 vitskapleg assistent ved dåverande Institutt for medievitskap ved same universitet. Sidan 1999 har han vore tilsett ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Arbeidet med avhandlinga har vore finansiert av Høgskulen i Volda og Rådet for anvendt medieforskning.

Tid og stad for prøveforelesinga:
19.06.2008, kl. 16:15. Oppgitt emne: "Economic dimensions of the Norwegian journalistic field".
Stad: Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1.

Tid og stad for disputasen:
20.06.2008, kl. 10:15, Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1.

Kontaktpersonar:
Jan Fredrik Hovden, tlf. 70075099 (a), 48003395 (p), epost: jfh@hivolda.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.