Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2008
NY DOKTORGRAD Risiko for dødfødsel knytt til foreldre sine sosio-demografiske kjenneteikn
“Population characteristics and birth outcomes in a developing country: A Hospital based registry study in Tanzania" Risiko for dødfødsel og død i første leveveke (perinatale dødsfall) er framleis svært høg i utviklingsland, og særleg i afrikanske land sør for Sahara. Tusenårsmål nummer fire til Dei sameinte nasjonar, som er å redusere talet på dødsfall blant barn under fem år til ein tredjedel innan år 2015, vil vere vanskeleg å oppnå utan å fokusere på perinatale dødsfall. I avhandlinga studerer Habib fødslar i 1999-2006 ved Kilimanjaro Christian Medical Centre, Moshi, Tanzania, for å sjå korleis sosio-demografiske og andre kjenneteikn hjå foreldra er relatert til perinatal død. Ho ser også på korleis HIV-infeksjon hjå mor, som er vanleg i dette området, er relatert til perinatal død og andre uheldige utfall av svangerskapet. Det er også gjort ei samanlikning med data frå USA for å studere om fødslar før termin kan forklare den høge risikoen for perinatal død i denne delen av Afrika. Resultata viser at risikoen for perinatal død framleis er svært høg i Tanzania, og at dette ikkje kan forklarast ut frå fødslar før termin eller låg fødselsvekt. Risikoen for perinatal død var relatert til foreldra sine sosio-demografiske kjenneteikn. Også risikoen for HIV infeksjon hjå mor og risiko for ukjent HIV-status hjå mor var relatert til mor og far sine sosio-demografiske kjenneteikn. Størst risiko for eit uheldig utfall av svangerskapet hadde kvinner som var HIV-infisert men som ikkje var under behandling for HIV, følgd av kvinner som hadde ukjent HIV-status. Behandling for HIV reduserte den perinatale risikoen ned til same nivå som for kvinner utan HIV-infeksjon, med unntak av ein høgre risiko for låg Apgar score. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |