Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2008
NY DOKTORGRAD Serotonin og GABA si rolle i søvn og depresjon
“Role of 5-HT and GABA in the control of DRN activity, sleep and in the pathogenesis of depression” Serotonin (5-HT) og GABA er to budbringarstoff i hjernen som er involvert i regulering av mellom anna søvn og vakenaktivitet. Dorsale raphe kjerne (DRN) er den største samlinga av serotonerge nerveceller i hjernen. Desse nervecellene syner tilstandsavhengig aktivitet, høgare i vaken tilstand enn i søvn, spesielt under REM søvn (draumesøvn). GABAerge nerveceller i DRN har derimot høgast aktivitet i REM søvn, og difor trur ein at GABA kontrollerer den tilstandsavhengige aktiviteten til dei serotonerge nervecellene. Serotonin har også evna til å hemme sine eigne nerveceller via negativ feedback. Opp mot 90 % av deprimerte pasientar klagar på dårleg søvn. Ei av søvnendringane er meir REM søvn enn hos friske. Antidepressive medikament aukar aktiviteten i det serotonerge systemet og reduserer samstundes mengda REM søvn. Spørsmålet vert difor om det eksisterer ein felles mekanisme for depresjon og søvnendringane i tilstanden. Sidan GABA ser ut til å vera tett knytt til regulering av aktiviteten til det serotonerge systemet kan ein tenke at dette budbringarstoffet også er endra ved depresjon. Fiske har undersøkt reguleringa av aktiviteten til serotonerge nerveceller i DRN hos rotter og kva effekt denne har på søvn. I ein rottemodell for depresjon har ho også undersøkt nivåa av serotonin og GABA i hippocampus, eit område som syner endringar hos deprimerte, samstundes som ho undersøkte søvnendringar hos dyra. Avhandlinga syner at både serotonin og GABA regulerer aktiviteten til dei serotonerge nervecellene, men at desse kanskje er mindre viktige i søvnregulering enn tidlegare trudd. Aktiviteten til GABA og serotonin er også endra i hippocampusregionen hos rotter i ein dyremodell for depresjon. Serotonin aktiviteten ser ut til å vera kopla til søvnendringar medan GABA aktiviteten er det ikkje. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |