Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2008
NY DOKTORGRAD CO2 inn, naturgass ut
”Studies of flow mechanisms and hydrate phase transitions in fractured rocks” Grunnleggjande kjennskap til korleis gass og væsker strøymer i porøse sedimentbergartar er avgjerande for best å utnytte petroleumsreservar og for utfordringar relatert til injeksjon og lagring av klimagassen CO2. Porenettverket sin natur og samspelet mellom viskøse og kapillære krefter samt gravitasjon er styrande for strøymingar i slike system. Attpåtil er reservoarbergartar ofte oppsprukne grunna tektonisk aktivitet, som for eksempel Ekofiskformasjonen sør på norsk sokkel. Fyrste del av avhandlinga er ein eksperimentell studie som omhandlar oljeutvinning i slike oppsprukne system, og fører forklaringar på korleis utvinningsmekanismar forandrar seg med mineraloverflata sin væskepreferanse (væting). Andre del av doktorgradsarbeidet nyttar oppsprukne reservoarmodellar av porøs sandstein til å studere produksjon av naturgass frå gasshydrat ved injeksjon av CO2. Gasshydrat er naturgass, hovudsakleg metan, som er fanga i holrom av hydrogenbunde vatn. Utsjånaden liknar vanleg is, men hydrat er berre stabilt under høgt trykk og låge temperaturar, som under store havdjup og i område med permafrost. Gasshydrat representerar ein utappa ressurs som er estimert til å bere meir energi enn konvensjonell gass, olje og kol til saman. Resultata viser at CO2 byter plass med naturgassen ved eksponering mot hydratet i poresystemet, samt at overgangen skjer spontant, utan å tilføra varme. Dei eksperimentelle resultata er forklart med at CO2 stabiliserar hydratet betre enn naturgassen, og blir underbygd av termodynamiske simuleringar. Metoden skisserar ein idé til å utvinne naturgass frå hydrat samstundes som ein lagrar CO2. Arbeidet er finansiert av Noregs Forskingsråd og ConocoPhillips. Professor Arne Graue og Professor Bjørn Kvamme har vore faglege rettleiarar. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |