Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2008
NY DOKTORGRAD Simulering av væskeflyt i komplekse porøse media
”Fast Solvers for Computing Transport in Unfractured and Fractured Porous Media” I oljeindustrien er det viktig å kunne forstå flytmønster i oljereservoar for å optimere utvinning frå eksisterande olje- og gassfelt, samt å finne nye førekomstar. Også når det gjeld grunnvatn, som er ei vanleg kjelde for drikkevatn i mange land, er forståinga av væskeflyt viktig. Det vil normalt ta mange hundre år frå vatn filtrerer inn frå overflata til det igjen dukker opp i ei kjelde. For å sikre grunnvatnkjelder mot ureiningar er det avgjerande å kunne forstå korleis ureiningar vil spreie seg i berggrunnen. For å få kunnskap om dette er det nødvendig å rekne ut korleis væskene i berggrunnen beveger seg. Væskeflyt i porøse media er modellert ved hjelp av system av partielle differensiallikningar. Slike system kan berre løysast ved hjelp av datasimuleringar. Temaet i avhandlinga er knytta til utvikling og bruk av numeriske teknikkar i slike simuleringar. Det er fokusert på å utvikle raske løysingsmetodar som kan handtere kompliserte geometriar. Dette er spesielt viktig når væskeflyten er dominert av forkastningar eller sprekksystem, som også gjev store variasjonar i bergartsdata. Komplekse geometriar med forkastningar og sprekker representerar generelt store utfordringar for datasimuleringane. Resultata i oppgåva gjev eit betre grunnlag for korleis ein kan forstå slike komplekse modellar, og er også eit grunnlag for betre modellering av slike system. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |