Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2007
NY DOKTORGRAD Gjeldskrisa i Latin-Amerika i historisk perspektiv
”Genealogía de la arquitectura financiera internacional: una mirada desde América latina” Ei rekkje latinamerikanske land har den siste generasjonen vore prega av omfattande gjeldskriser og vedvarande finansielle konfliktar. Det internasjonale pengefondet og andre tilsvarande finansieringsinstitusjonar har etter kvart tapt legitimitet og prestisje, mellom anna på grunn av mislukka intervensjonar og dårleg krisehandtering i til dømes land som Argentina. Avhandlinga set utanlandsgjelda og finansieringskrisa i Latin-Amerika inn i eit historisk perspektiv og understrekar samstundes dei trendar som no indikerer ei tydelegare regionalisering av dei internasjonale finansieringsordningane. Arbeidet er basert på grundige arkivstudier i London og Washington D.C. og ser på prosessar og mekanismar som ligg til grunn for utviklinga av internasjonale gjeldsordningar. Avhandlinga tek utgangspunkt i Sørstats-gjelda i tida før Den amerikanske borgarkrigen, ser på den tyske statsgjelda på 1920-talet og på institusjonar som The London Council of Foreign Bondholders og mellom anna etableringa av Bretton Woods systemet. Ein heilt sentral plass i arbeidet får gjennomgangen av reforhandlingane og refinansieringa av utanlandsgjelda på 1980-talet, ein prosess som var svært kostnadsdrivande og medførte ei skalering av gjelda. Personalia: Tid og stad for prøveforelesningene: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |