Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Sildegyting – hårfin balanse mellom livsfare og vidareføring av liv

Georg Skaret   

Georg Skaret disputerer fredag 2. februar for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

’Collective behaviour of herring during spawning’

Sild er ein svært viktig kommersiell og økologisk art i norske farvatn. For ein slik nøkkelart er det viktig å forstå grunnleggjande åtferdsprossessar, både for å skjøna korleis menneskeleg aktivitet potensielt påverkar fisken, særleg gjennom fiskeri, og meir praktisk for å måla mengdene av fisken på ein representativ måte.

Silda er stimfisk og eit sosialt dyr. Tidlegare trudde ein at åtferda til stimen var styrt av ein sentral leiar. No viser dei fleste resultat at stimåtferd i staden er summen av ei rekkje samtidige reaksjonar mellom nabofisk, som skjer utan at enkeltfisken har nokon oversikt over stimen som heilskap. På fagspråket kallar ein dette sjølvorganisering. Denne mekanismen verkar ikkje isolert i naturen, men i samspel med fisken sin reaksjon på ytre stimuli frå miljøet og indre motivasjon som til dømes svolt eller stress. Summen av desse tre faktorane avgjer korleis ein stim oppfører seg. I periodar kor den indre motivasjonen endrar seg raskt ventar ein stor stimdynamikk. Gyteperioden er typisk ein slik fase og det er denne som er undersøkt i dette arbeidet.

Når silda legg egga sine på botn trossar ho ein stor fare for å bli mat for større fisk. Gjennom studier til havs med ekkoloddmålingar og modellsimuleringar av stimåtferd viser me ei rekkje døme på korleis stimåtferda i gyteperioden reflekterer denne balansen mellom gyting og faren for å bli spist. Mellom anna viser me for første gong kvifor det oppstår gigantiske timeglasformasjonar hos stimar på gytefeltet. Desse karakteristiske formasjonane skuldast at fisk med ulik motivasjon for gyting posisjonerer seg ulikt i stimen. Fisk med låg gytemotivasjon står øvst i stimen med minst fare for å bli spist medan fisk med høg gytemotivasjon trossar denne faren og posisjonerer seg nærare botn. Når silda først er klar for gyting på botn tar ho altså mindre omsyn til predasjonsfaren. Me viser ein praktisk konsekvens av dette ettersom silda i denne fasen ikkje viser teikn til unnviking frå eit passerande forskingsfartøy. Ved dei fleste andre høve er unnviking ei stor feilkjelde når ein mengdemåler sild på akustiske survey.

Personalia:
Georg Skaret (f. 1975) er oppvaksen på Bømlo. Han avla cand. scient. eksamen i fiskeribiologi ved Institutt for Fiskeri og Marinbiologi ved Universitetet i Bergen i 2002. Doktorgradsarbeidet er utført ved Havforskningsinstituttet i Bergen.

Tidspunkt og sted for disputasen:
02.02.2007, kl. 10:15, Auditorium 101, Jahnebakken 5

Kontaktpersoner:
Georg Skaret, tlf. 95 16 10 38, epost: georg.skaret@imr.no
Formidlingsavdelingen v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen kontakt kandidaten direkte.