Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Bokfragment frå mellomalderen

Åslaug Ommundsen   
Åslaug Ommundsen disputerer fredag 8. juni 2007 for PhD-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Books, scribes and sequences in medieval Norway”

Kimen til dagens tekstbaserte samfunn ligg i mellomalderens bok- og skriftkultur. I fleire tusen fragment frå messebøker og andre handskrift frå mellomalderen er det framleis mogleg å studere den tidlege fasen etter at bøker og skrift kom til Noreg. I denne avhandlinga er fokus sett på ei gruppe fragment frå ca. sytti liturgiske handskrift, som inneheld ein eller fleire festhymner, såkalla sekvensar. Med vekt på fragment frå 11- og 1200-talet diskuterer Ommundsen kvar og når sekvens-handskrifta vart skrivne, samt kriterier for korleis ein kan bestemme eit handskrifts opphav, særleg når berre få bitar er att.

Undersøkingane viser at impulser frå ei rekke regionar i Europa, som England, Frankrike, Tyskland, Nederland og Danmark, kan identifiserast i det tidlege norske handskriftsmaterialet når skrift og ytre stiltrekk blir sett i samanhang med innhaldet. Det er stor geografisk variasjon når det gjeld kvar dei importerte bøkene kom frå, og lokalt produserte handskrift viser gjerne fleire lag av innflytelse frå forskjellige deler av Europa. Avhandlinga omfattar óg ein illustrert katalog over alle kjente kjelder til sekvensar i norsk mellomalder frå før 1530.

Personalia:
Åslaug Ommundsen er fødd i 1972, vaks opp på Hjelmeland i Ryfylke, og har periodevis vore busett både i Bergen og Stavanger. Ho fullførde cand.philol.-graden med hovudfag latin ved Universitetet i Bergen i 2000. Sidan 2003 har ho vore tilsett som stipendiat ved CMS (Centre for Medieval Studies) ved Universitetet i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
08.06.2007, kl. 09:30, Stort auditorium, L. Meltzers Hus, Fosswinckelsg. 6

Kontaktpersonar:
Åslaug Ommundsen, tlf. 55 58 80 89, epost: aslaug.ommundsen@cms.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.