Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2007
NY DOKTORGRAD Nedgang av HIV/AIDS i Zambia
Charles Michelo disputerer 2. februar for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Trends and determinants of HIV prevalence in Zambia: Evidence from surveys in selected communities" Zambia er blant dei land i verda som er hardast ramma av HIV viruset. Omtrent 16% av vaksne menn og kvinner mellom 15-49 år er smitta, og i denne gruppa er HIV årsak til 60% av alle dødsfall. I dette forskingsarbeidet var siktemålet å byggja kunnskap om korleis smittespreiing endrast over tid i ulike folkegrupper og kva som er deira underliggjande forklaringar for endringane. Slik kunnskap er avgjerande viktig for å forstå lokale kontekstar som basis for å utvikla meir effektive førebyggjande tiltak lokalt. Arbeidet er basert på omfattande befolkningsstudiar i utvalde by- og landområde i Zambia. Disse studiane blei repeterte i dei same områda over ein periode på nær 10 år. Hovudkonklusjonane i avhandlinga er ein markert reduksjon i spreiinga av HIV viruset dei siste 10 år. Reduksjonen var særleg stor blant unge menn og kvinner med utdanning over grunnskule, men blant dei aller fattigaste og lågast utdanna var det lite teikn på endring. Den observerte nedgangen hadde klar samanheng med redusert risikoåtferd - slik som reduksjon i talet på seksualpartnarar, meir systematisk bruk av kondom, og blant unge kvinner, utsetjing av barnefødslar. Forskingsarbeidet konkluderer også med at den mest brukte metoden for å studera trendar over tid i HIV-smitte der ein bare ser på gravide kvinner, kan føra til særs uheldige feilestimeringar av smittetrendar i den generelle befolkninga. Dette arbeidet er ein del av samarbeidet mellom Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen og Universitetet i Zambia, gjennom NUFU prosjektet (2002-2011) ”Strengthening HIV-related interventions in Zambia: co-operation in research and institution capacity building”. Personalia: Tid og stad for prøveforelesninga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |