Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2007
NY DOKTORGRAD Varsling av sjøis i Arktis
“A coupled ice-ocean data assimilation system for Arctic monitoring and prediction” Avhandlinga tek for seg varsling av sjøis i Arktiske område, med fokus på utvikling av numeriske modellar, og metoder for å bruke observasjonar til å forbedre modellresultat. Store deler av dei Arktiske havområda er dekka av sjøis heile eller deler av året. Eit døme er Barentshavet, der sjøisen dekker store delar av området om vinteren. Sjølv om sjøisen berre er nokre meter tjukk, og såleis ikke utgjer den samme fara som isfjell gjer, så er den framleis ei utfordring for dei som treng å oppholde seg nær iskanten eller inne i isen. I forhold til Norsk industri si rolle i utbygginga av oljeressursar i nord er kjennskap til sjøisen og mogleg varsling av denne eit aktuelt tema. I oppgava har det blitt utvikla modellverktøy og metodar for å kunne varsle sjøis. Ved hjelp av numeriske modellar kan ein beregne korleis sjøisen vil utvikle seg framover i tid. På denne måten kan ein få eit sjøis-varsel, på same måte som ein kan få eit værvarsel frå numeriske modellar for atmosfæren. Sentralt i avhandlinga er bruken av data-assimilering, dette er brukt for å gje ein best mogleg beskrivelse av sjøisen i modellen. Data-assimilering kan sjåast på som ein måte å introdusere observasjonar i modellen – slik at ein får modellresultat som er nærmare observasjonane. For å gje gode varsel er dette viktig, då utgangspunktet for modellen bør være så realistisk som mogleg. I avhandlinga har det mellom anna vore nytta satellitt-observasjonar av sjøis-konsentrasjon i data-assimileringa. Sjøis-konsentrasjon beskriv kor mykje av sjøoverflata som er dekka av sjøis. Ved å assimilere denne typen data har ein vist korleis varslinga av sjøis blir forbedra. Mykje arbeid gjenstår enno før operasjonell varsling av sjøis er ein realitet, men metodane og modellane som er utvikla i avhandlinga er eit steg på vegen mot dette. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |