Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2007
NY DOKTORGRAD Jødiske stadsforestillingar i antikken
”The Other Lands of Israel: A Study of the Land Theme in 2 Baruch”. Lieds avhandling er eit studium av jødiske forestillingar om Israels land slik dei kjem til uttrykk i den antikke teksten 2. Baruk (2. århundre e.v.t.). På bakgrunn av stads-teoriane til den amerikanske geografen Edward W. Soja diskuterer Lied om konseptet Israels land først og fremst refererer til eit gitt geografisk område mellom Jordan-elva og Middelhavet i denne teksten, eller om 2. Baruk også kunne framstille Israels land som det området der det rettskafne folket til ei kvar tid levde i tråd med den pakta forfedrene hadde inngått med Gud. Avhandlinga argumenterer for at det først og fremst er dei rettskafne sine handlingar som skaper Israels land som stad i denne teksten, og at konseptet Israels land dermed kan bli brukt fleksibelt om fleire territorier og romlege storleikar i frelseshistoria, mellom dei Judea, Jerusalem og den himmelske verda. I 2. Baruk framstår derfor Israels land som ein sentral frelsesstad som garanterer både samtidig beskyttelse og framtidig triumf for det rettskafne folket. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for humaniora. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte. |