Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Støyfjerning av medisinske bileter

Johan Lie   
Johan Lie disputerer 26. mars for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Mathematical imaging with applications to MRI and diffusion tensor MRI”

Magnetisk resonans (MR) avbildningar har i mange år blitt brukt i klinisk medisin såvel som i forskning. Ved hjelp av MR kan ein få både anatomiske og funksjonelle bilete av indre organ utan kjente biverknadar. Desse bileta kan innehalde støy som ein av ulike årsakar vil ha vekk. I avhandlinga er det studert korleis ein kan betra bileta ved hjelp av ulike matematiske metodar. I avhandlinga er det spesielt fokusert på støyfjerning på bilete som er tekne med ein relativt ny teknikk kalla diffusjon tensor MR. Diffusjon tensor MR er ein avbildningsteknikk som gjer det mogeleg å lage ein tredimensjonal modell av buntar av nervetrådar i hjernen, basert på ei mengd MR bilete. Gjennomføring av ein slik serie av bilete tek gjerne ein halv time, fordi mange bileter må takast. Ved hjelp av matematiske metodar kan ein redusere behovet for å ta mange bileter, og dermed redusere tida i MR maskina. Dette kan få konsekvensar for kva det kostar å ha ein pasient inne i MR maskina.

Frå eit matematisk perspektiv vert bileta sett på som funksjonar. Desse funksjonane kan ein bearbeide ved hjelp av såkalla differensiallikningar. Differensiallikningar har i fleire hundre år vore eit sentralt verkty for vår forståing av naturvitskap og for utvikling av ny teknologi. Dei siste åra har mange forskarar overført kunnskap frå meir tradisjonell bruk av differensiallikningar til teknologi relatert til biletebehandling. I avhandlinga er det lagt vekt på modellar som kan brukast innan medisinsk biletebehandling.

Personalia:
Johan Lie vart fødd i 1979, og vaks opp på Bømlo. Han har Cand. Scient. i anvendt matematikk frå Universitetet i Bergen (UiB) i 2003, og har sidan arbeida med doktorgraden ved Matematisk Institutt i tverrfagleg samarbeid med Institutt for Biomedisin, UiB.

Tid og stad for disputasen:
26.03.2007, kl. 13:30, Aud. Pi, Matematisk institutt (Godskes hus), Joh. Brunsgt. 12.

Kontaktpersonar:
Johan Lie, tlf. 55 58 36 91 / 913 75 601 , epost: Johan.Lie@math.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.