Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2006
NY DOKTORGRAD Ny kunnskap om havstraumane si rolle under istida
Cand.scient. Marius Yddal Meland disputerer 1.september for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Paleoceanography and paleoclimate in the Nordic Seas and the northern North Atlantic during the last 22 000 years". For 20 000 år sidan var store delar av den nordlege halvkule, inklusive Skandinavia, dekt av store iskapper, som på Grønland og i Antarktis i dag. Klimaet var atskillig kaldare enn i dag. Tidlegare undersøkjingar har også konkludert med at dei Nordiske Hav (Norskehavet, Grønlandshavet og Islandshavet) var dekt av sjøis året rundt. I denne doktorgraden er det derimot synt at store delar av dette havområdet ikkje var dekt av sjøis ein heilt vanleg sommardag for 20 000 år sidan. Modellering av klimaet for siste istid syner også at dei opne havområda er viktig for å forklare kvifor dei store iskappene i Skandinavia og over Barentshavet vaks så fort på denne tida. Innstrøyming av varmt overflatevatn mot nord ("Golfstraumen"), og innsynking av overflatevatn i Dei Nordiske Hav, er med på å forklare det varme klimaet i Skandinavia i dag. Doktorgraden syner at denne havsirkulasjonen var aktiv på slutten av siste istid (20 000 - 10 000 år sidan), sjølv om klimaet var kaldt og iskappene store. Havsirkulasjonen, mellom anna i form av "Golfstraumen", var likevel noko redusert samanlikna med i dag. Danning av sjøis nær kontinentalsokkelen var ein viktig prosess for å få innsynking av overflatevatn, noko som var viktig for å halde havsirkulasjonen i gang. Utan denne sirkulasjonen hadde ikkje iskappene vore så store under istida. Mot slutten av istida skifta klimaet brått mellom varme og kalde periodar. I kvar av desse endra havsirkulasjonen seg brått, og det var store variasjonar i mengd varme som havet frakta inn langs Norskekysten. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/2010. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |