Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2006
NY DOKTORGRAD Nidaros er bynamnet
Roger Lockertsen disputerer fredag 8. september for dr.philos-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Namnet på byen Trondheim. Ei språkhistorisk og faghistorisk tilnærming.” Utgangspunktet er den filologiske striden om bynamnet skulle vere Trondhjem, Nidaros eller Trondheim på 1920-talet. Professor Didrik. A. Seip meinte Trondhjem var eit norsk bynamn og Nidaros bestemt av paven i 1172 mens professor Gustav Indrebø meinte Trondheim var områdenamn og Nidaros eldste bynamn. Gjennom gransking av dei eldste kjeldene med norske bynamn, som i dag finst i det pavelege arkiv i Roma, Firenze og Leiden, dokumenterer Lockertsen at Nidaros-namnet er bynamn frå 1120-talet. Noko paveleg namneskifte i 1172 skjedde ikkje. Trass i at forskarar den dag i dag følgjer Seip sine namneteoriar, er det altså Nidaros som er bynamnet i dei eldste latinske kjeldene. Det same gjeld dei noko yngre norrøne kjeldene som Ågrip, Morkinskinna og Snorre. Personalia: Tid og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |
||