Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2006
NY DOKTORGRAD IKT i den norske ungdomskulen”ICT in the school. ICT-initiated school development in lower secondary school”. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) influerer på dei fleste område i samfunnet vårt og gir både moglegheiter, utfordringar og dilemma. Særskilt har framveksten av Internettet og breibandsteknologien ført til endringar innan ei rekkje samfunnsområde. Trass i denne digitale revolusjonen syner ei rekkje forskingsstudiar både nasjonalt og internasjonalt at skulen har hatt, og har, vanskar med å integrere teknologien i si verksemd på ein fornuftig måte. Difor har det vore ein gjennomgåande tendens at IKT i skulen har hatt ei sterkare retorisk forankring, enn i praksis. Doktorgradsarbeidet er knytt til det nasjonale IKT-prosjektet PILOT og byggjer på fire år med aksjonsforsking hjå ein ungdomsskule som var tidleg ute med å utforske dei pedagogiske moglegheitene Internettet kunne gi. Sjølv om skulen i dette arbeidet har møtt ei rekkje vanskar på ulike plan, har dei etter 5-6 år klart å veve teknologien inn i si pedagogiske verksemd på ein heilskapleg måte. Dette har vorte spegla av både i undervisingsformer, organisering av skulekvardagen, arbeidsmåtar og vurderingsformer. Ein hovudkonklusjon i avhandlinga er at når skuleleiinga er endringsvillige og ser verdien av IKT, er læraren sjølve nøkkelpersonen for ei vellukka integrering av IKT i skulen. Dette krev samstundes at læraren tileignar seg naudsynt digital kompetanse for å kunne handtere si nye lærarrolla i dette digitale, pedagogiske terrenget. Gjennom tre publiserte, vitskaplege artiklar syner avhandlinga korleis slik IKT-initiert skuleutvikling grip inn i skulen si organisatoriske og pedagogiske verksemd på ulike nivå. Skulen sine implementeringsstrategiar og lærarane sitt lokale læreplansarbeid med IKT har sterkast fokus, men også elevane sin IKT-bruk i skulekvardagen blir det retta søkjelys mot. Eit lengre samandrag problematiserer og drøftar både teorifeltet på området, forskingsmetodene som er valt, samt dei empiriske analysene av datamaterialet som er innhenta. Personalia: Tidspunkt og stad for prøveforelesinga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det psykologiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |
||