Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Den russiske familien i endring

Herdis Kolle disputerer fredag. 31. mars for dr.art. graden med avhandlinga:

”Social Change in Nineteenth-Century Russia: Family Development in a Proto-Industrial Community”

Avhandlinga plasserer seg innan disiplinane familiehistorie og historisk demografi, der ein for det første forskar på kva form og funksjon familien har hatt til ulike tider og for det andre ser på korleis befolkninga har utvikla seg historisk. Samstundes søkjer ein å setje familien og befolkningsutviklinga inn i ein sosial, økonomisk og kulturell samanheng. I tidlegare forsking har det særmerkte med den russiske bondefamilien på 1700- og 1800-talet gjerne blitt sett i samanheng med at Russland på denne tida var eit utprega jordbrukssamfunn der kollektive strukturar hadde ein høg grad av kontroll over einskildmennesket. I avhandlinga tar Kolle for seg familieutviklinga i eit lokalsamfunn like aust for Moskva, som på 1800-talet gjekk gjennom ei omfattande økonomisk og sosial endring. Denne endringa innebar mellom anna at store delar av befolkninga vart sysselsett i tekstilproduksjon i staden for jordbruk, og avhandlinga viser at industrialiseringa hadde viktige konsekvensar for samansetjinga av familien, giftarmålsmønster og arvemønster, og som skilde seg frå tidlegare undersøkte familiemønster i reine russiske jordbruksområde. Resultata av doktorgradsarbeidet tyder også på at det i Russland på 1800-talet var viktige regionale skilnader i familiemønster som sannsynlegvis har linjer tilbake til før industrialiseringa, men at industrialiseringa gjorde desse skilnadane meir uttalte.

Personalia:
Herdis Kolle (f. 1969), tok hovudfagseksamen i historie ved UiB hausten 1995, og har sidan gjennom ulike engasjement vore tilknytt Historisk institutt, UiB. Doktorgradsarbeidet vart finansiert med stipend frå Noregs Forskingsråd.

Tid og stad for prøveforelesninga:
30.03.2006, kl. 16:30. Oppgitt emne: "The Notion of Gender in Family Studies"
Sted: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Tid og stad for disputasen:
31.03.2006, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Herdis Kolle, tlf. 55 58 21 72, epost: herdis.kolle@hi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.