Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2006
NY DOKTORGRAD Eincella blodparasittar (Trypanosoma) hjå marine fisk“Aspects of the morphology and ecology of some North Atlantic marine fish trypanosomes” Trypanosomar er eincella parasittar som sym i blodplasma hjå virveldyr. Sovesjuke, som førekjem hjå folk nokre stadar i Afrika, vert årsaka av ein av dei meir kjende artane, Trypanosoma brucei. Avhandlinga tek føre seg Trypanosoma infeksjonar hjå marine fisk i Noreg, med særleg vekt på Vestlandet. To artar vert påviste her i landet, Trypanosoma murmanensis i Finnmark og Trypanosoma pleuronectidium på Vestlandet. To slag blodsugande fiskeiglar smittar desse to respektive trypanosomane frå fisk til fisk. Mykje av arbeidet i avhandlinga dreiar seg om karakterisering av vekst og utvikling hjå desse parasittane, for å letta framtidig identifikasjon. Også molekylære verkty for påvisning vert beskrivne. På Vestlandet gjev undersøkingane grunn til å tru at både iglane og parasitten ikkje er vanlege i grunnare vatn, påvisningar er helst frå meir enn 25 m djup. Der vert òg infeksjonar mest funne i botnlevande fisk, ymse flyndrer og torskefisk som hyse, torsk, lange og brosme er ofte infiserte. Arbeidet aukar òg kunnskapen om dei heller dårleg kjende marine fiskeiglane i våre farvatn, i alt er 12 artar funne og truleg kan ein finna 10 slag til langs kysten. Det skal nemnast at ein reknar desse parasittslaga som ufarlege for folk. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |