Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2006
NY DOKTORGRAD Nevropsykologi ved epilepsi
Arne Gramstad disputerer 17. august for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Neuropsychological assessment of cognitive and emotional functioning in patients with epilepsy”. Avhandlinga tar for seg korleis nevropsykologiske metodar kan nyttast til å auka forståinga for viktige sider ved tenking og psykososial tilpassing hos pasientar med epilepsi. I den første studien i avhandlinga vart det vist at emosjonell og psykososial tilpassing og livskvalitet hos desse pasientane i stor grad blir bestemt av dei bakanforliggande faktorane negativ og positiv affektivitet og meistringsforventing (”self-efficacy”). I dei to siste studiane vart det undersøkt pasientar med epilepsi som utgår frå tinninglappen, og som hadde språket lokalisert til venstre hjernehalvdel. Resultata desse pasientane fekk på ein test på oppfatting av språkstimuli gitt samtidig til begge øyrene (dikotisk lytting) vart analyserte. På denne testen er det vanlegvis slik at signal gitt til høgre øyre blir oppfatta bedre enn signal gitt til venstre øyre. Studiane viste at denne asymmetrien mangla hos pasientar med funksjonssvikt i venstre hjernehalvdel, målt med nevropsykologiske testar. Det var særleg ein tendens til at signal til venstre øyre vart oppfatta unormalt godt av pasientar med slik dysfunksjon på venstre side. Dette er tolka som ein svikt i hemming av desse signala. Det var den nevropsykologiske svikten i venstre hjernehalvdel som forklarte dette best. Det hadde mindre innverknad på resultata om epilepsien starta på venstre side, eller om det var funksjonssvikt i høgre hjernehalvdel. Det same forholdet viste seg også dersom det vart gitt instruks om å lytta til eitt øyre om gongen. I tillegg viste det seg då at det krevs meir av hjernens totale kapasitet å ”snu” asymmetrien med krav om å lytta til signal til venstre øyre enn det som krevs for å auka ein eksisterande asymmetri til fordel for høgre øyre. Avhandlinga utgår frå Institutt for Biologisk og Medisinsk Psykologi, Det psykologiske fakultet, og Nevrologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus. Personalia: Tid og stad for prøveforelesninga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det psykologiske fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/1956. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |