Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2006
NY DOKTORGRAD Med barn i by. Foreldreskap, plass og identitet
Hilde Danielsen disputerer fredag 9. juni for dr. art graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Med barn i byen. Foreldreskap, plass og identitet.” Dei siste åra har det vorte meir populært å busetje seg sentrumsnært i byar. Mange flyttar ut av bykjernen når dei vert foreldre, men å bu med barn i sentrum har vorte eit legitimt val også blant menneske med ressursar til å velje kor dei vil bu. Avhandlinga undersøkjer refleksjonane til det mindretalet av foreldre som let barna vekse opp i sentrumskjernen av ein by, i dette tilfelle Bergen. Tema er korleis foreldre organiserer barndom i forhold til tid, rom og sosiale relasjonar knytt til heim og nabolag og korleis dei skjermar og eksponerer barna for ulike sider ved bylivet. Målet har vore å analysere korleis foreldra knyt band mellom barndom, plass og identitet. Mangfald er eit viktig element i skapinga av byen som ein attraktiv og moralsk god plass for barndom. Uttrykket bygda i byen viser til eit ideal om å gi barna ein trygg oppvekst med ei lokal og tett tilknyting til ein plass, samtidig som dei får utfordringar og kompetanse gjennom å hanskast med mangfaldet i byen. Prosjektet er eit bidrag til offentleg refleksjon og debatt om foreldreskap, plassar å bu på og ideal for forming av nye borgarar. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg her: http://hdl.handle.net/1956/1184 For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte. |