Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Bustadpolitikk etter borgarkrigene i det sørlige Afrika

Annie Barbara H. Chikwanha   
Master of Public Administration Annie Barbara H. Chikwanha disputerer 27. januar for dr.polit.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“The Politics of Service Delivery: A comparative study of administrative behaviour in South Africa and Zimbabwe”

Avhandlinga analyserer bustadpolitikken til fridomsrørslene i tida etter borgarkrigen i dei to landa Sør Afrika og Zimbabwe. Målet med arbeidet er å analysere og forklare dei ulike måtane husvære vart fordelte på etter frigjeringa ved hjelp av kryssnasjonale samanlikningar. Desse samanlikningane er avgrensa til to lokale byområde: Harare i Zimbabwe og Cape Town i Sør Afrika. Avhandlinga søkjer å vise korleis ulike trekk ved dei to politiske regima påverkar fordelinga av husvære. To organisasjonskulturar vert kartlagde. Desse viser seg å ha stor verknad på administrativ åtferd og såleis på fordelinga av offentlege gode. I ein situasjon prega av nye normer og nye røynsler skapt av fridomskrigen vert det og skapt ein særeigen forvaltningstradisjon. Ein generell konklusjon er at fridomskrigen skapte ei rørsle og eit politisk parti som forma administrasjonen i samsvar med sine verdiar. I begge desse landa ser vi at haldninga til lover og reglar vart prega av sosiale band i rørsla. Fordelinga av husvære skjedde ofte etter ad-hoc løysingar, og planar vart sjeldan laga, og enno sjeldnare følgde. Oftast blir tildelinga av hus sett på som del av ei vidare mobilisering til rørsla, eller som godtgjersle for deltaking i denne. Dette ser ut til å vere fellestrekk ved dei to organisasjonskulturane. Det finst likevel ei rekkje skilje mellom desse i måten relasjonen mellom borgarane og offentleg forvaltning vert prega av det dominerande partiet på. Desse skilja tyder på at fridomsrørslene kan utvikle seg til politiske parti i meir vanleg forstand. Dette tyder og på at det også innan den politiske kulturen i afrikanske land finst prosessar som peiker mot ei endring av det som generelt har vorte karakterisert som det neopatrimoniale stats- og forvaltningssystemet.

Skilnaden mellom dei to landa er forklart delvis ved at ANC si strategi for mobilisering er fastlagt av forventningar generert av frigjeringa, medan i Zimbabwe er det regjeringspartiet si hegemoniske status som tel. Ein anna skilnad mellom dei to landa er kor raskt byråkratiet vert fylt av menneske lojale mot regjeringspartiet. Dessutan varierer dei med omsyn til det sivile samfunn si evne til å påverke offentleg politikk

Personalia:
Annie Barbara H. Chikwanha er fødd i Mutare, Zimbabwe. Her fekk ho ein Bachelorgrad i Politikk og Administrasjon og seinare ein Mastergrad i offentleg administrasjon ved Universitetet i Zimbabwe (1994). Ho underviste og ved Universitetet i Zimbabwe før ho gav seg i kast med doktorgradsstudiane ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Ho arbeider for tida i Cape Town ved Institute for Democracy Analysis in South Africa (IDASA)

Tid og stad for prøveforelesninga:
26.01.2006, kl. 15:15. Oppgitt emne: “Theories of organisational culture and the study of African state bureaucracies”
Sted: Auditoriet,Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1

Tid og stad for disputasen:
27.01.2006, kl. 10:15, Auditoriet,Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1

Kontaktpersonar:
Annie Barbara H. Chikwanha, epost: Annie.Dzenga@aorg.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg her: http://hdl.handle.net/1956/1141

For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.