Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Olav H. Hauge: Eit litterært liv

Knut Olav Åmås   
Knut Olav Åmås disputerer onsdag 6. april 2005 for dr.philos.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge"

Avhandlinga er publisert som bok i 2004, og er den første biografien skriven om ein av Norges fremste forfattarar i det 20. hundreåret, Olav H. Hauge (1908-1994). Boka på 715 sider er grunnlagsforsking om Olav H. Hauges liv og forfattarskap, samstundes som den presenterer ein teoretisk og metodologisk diskusjon om det å skriva ein akademisk, humanistisk biografi.

Som biografisk forteljing er avhandlinga den mest omfattande studien til no om forfattaren og forfattarskapen. Den tek for seg utviklinga til Olav H. Hauge frå dei første upubliserte omsetjingar og eigne dikt i tenåra, til den siste finpuss han gjorde på Dikt i samling nokre få dagar før han døydde. Særleg legg avhandlinga vekt på dei samanhengar diktarverket utvikla seg innanfor opp gjennom tiåra: ideane som Hauge blei påverka av gjennom eiga lesing, direkte og indirekte litterær påverknad frå norsk og utanlandsk litteratur, litterære vener og forfattarar som hjelpte han fram, kontakten med konsulentar, forlag og det litterære system elles, og ikkje minst den mottakinga og kritikken forfattarskapen fekk frå debutboka i 1946 og i femti år etter.

Dei viktigaste kjeldene til denne delen av avhandlinga er ca. 4000 sider med dagbøker, nær 4000 brev (dei fleste tidlegare upubliserte), samtalar med vener og kjende av Olav H. Hauge, etterlatne arkiv frå forfattaren, hans eigne publikasjonar i bokform, aviser og tidsskrift, og sekundærlitteratur om forfattaren og forfattarskapen.
I eit kapittel om biografisk teori og metode forsøker Åmås å analysera fram eit mogleg program for "biografien som kjerneprosjekt i humanistisk forsking". I denne problematiserande bolken tek Åmås for seg spørsmål som forholdet mellom liv og verk, mellom tekst og kontekst i ein kunstnarbiografi, han drøftar biografien som litterær storleik, greier ut om kva kjeldekritiske spørsmål sjangeren reiser, og diskuterer kva som er dei sterke og svake sidene ved biografisjangeren som vitskap.

Personalia:
Knut Olav Åmås (f. 1968) er cand.philol. med hovudfag i filosofi frå Universitetet i Bergen 1996. Han har arbeidd i fleire år med forskingsformidling ved Universitetet i Bergen, og som journalist og redaktør i ei rekkje aviser og blad. Forlagsredaktør i Universitetsforlaget 1996-2001, redaktør for Samtiden frå 2001. Fast kommentator i Aftenposten frå 2005. Åmås har omsett fleire bøker innan filosofi og idéhistorie, og har skrive eller redigert sju bøker innan felta filosofi, idéhistorie og kjønnsforsking.

Tid og stad for prøveforelesningene:
05.04.2005, kl. 15:15. Oppgitt emne: "Kva typar kunnskap treng ein biograf? Om sosialhistorie og kultursosiologi i tre utvalde forfattarbiografiar."
05.04.2005, kl. 16:15. Sjølvvald emne: "Kva type kunnskap kan biografisjangeren gje om eit verk?"
Sted: Auditoriet, Ulrike Pihls hus, Professor Keysers gt. 1

Tid og stad for disputasen:
06.04.2005, kl. 10:15, Auditoriet, Ulrike Pihls hus, Professor Keysers gt. 1

Kontaktpersonar:
Knut Olav Åmås, 22 400 406 arbeid, 908 68 139 mobil, epost: knut.olav.amas@samtiden.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.