Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Langtidsresultat etter kirurgisk behanding av alvorleg overvekt

Villy Våge   
Villy Våge disputerer fredag 14. oktober for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Jejunoileal bypass in the treatment of morbid obesity, - long-term results”

I dette arbeidet har ein undersøkt pasientar operert med jejunoileal bypass (JIB) for sjukleg overvekt 25 år eller meir etter inngrepet. Ved JIB vert all tynntarm bortsett frå om lag 50 cm kopla ut. Nedre ende av den utkopla tynntarmen vert kopla til tjukktarmen for drenasje. Ved oppfyljing var 28 av 36 opererte pasientar i live. Ti av dei 36 pasientane hadde fått lagt heile den utkopla tynntarmen attende på grunn av biverknader. Desse gjekk raskt opp att i vekt, mange utvikla tilleggssjukdommar til overvekta og fem av dei ti var døde. Dei fleste av dei 23 pasientane som var i live med intakt shunt hadde opplevd eit stort vekttap som vedvarte. Blind loop syndrom, illeluktande luft og avføring, diare og gallesteinssjukdom var dei vanlegaste biverknadane på lang sikt. Pasientane hadde enno malabsorpsjon målt ut i frå feitt i avføringa. Ingen av dei 23 pasientane med intakt shunt hadde utvikla hjartesjukdom, type 2 diabetes eller høgt kolesterolnivå. Systolisk og diastolisk blodtrykk samt serum kolesterol var signifikant lågare ved oppfyljing enn føre operasjonen. Nivået av angst, depresjon og helserelatert livskvalitet var lik den ein finn i kvinneleg norsk normalbefolkning. Talet på kvinner med osteoporose var som venta ut i frå alder, og beintettleiken var ikkje signifikant lågare enn venta. Tre kvinner hadde osteoporose, desse hadde alle lågt innhald av vitamin D i serum og høge verdiar for alkalisk fosfatase (ALP) og parathyroideahormon (PTH). Høge verdiar for ALP og PTH indikerte låg beintettleik.

Studien viser at hjå dei fleste av desse pasientane har JIB gitt eit vedvarande vekttap med reduksjon av kardiovaskulære risikofaktorar og betring av livskvalitet trass biverknader. Faren for å utvikle osteoporose er låg, og kan sannsynlegvis reduserast ved å gi tilskot av kalsium og vitamin D.

Personalia:
Villy Våge (f. 1961) er frå Fjaler i Sunnfjord, cand. med frå Royal College of Surgeons i Dublin 1987 og spesialist i generell og gastrointestinal kirurgi. Han har frå august 2000 arbeidd som overlege ved kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus.

Tid og stad for prøveforelesninga:
13.10.2005, kl. 15:15. Oppgitt emne: ”Drøft behandling av overvekt i forhold til den norske prioriteringsforskriften”
Sted: Armauer Hansens Hus, Haukelandsveien 28, 5021 Bergen

Tid og stad for disputasen:
14.10.2005, kl. 09:15, Armauer Hansens Hus, Haukelandsveien 28, 5021 Bergen

Kontaktpersonar:
Villy Våge, epost: villy.vage@helse-forde.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.