Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Navlevenekonstriksjonen i fosterbukveggen

Svein Magne Skulstad   
Svein Magne Skulstad disputerer fredag 11. februar for den medisinske doktorgraden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Umbilical vein constriction at the abdominal wall. An ultrasound study in low risk pregnancies."

Vena i navlesnora er viktig i svangerskapet då den er det einaste blodkaret som fører surstoff- og næringsrikt blod frå morkake til foster. Denne vena er mjuk og har eit relativt lågt trykk, og blir difor lett utsett for ytre mekaniske krefter. Hypotesen for studien var at navleinngangen i bukveggen ofte klemmer av navlevenen delvis og såleis har effekt på utviklinga av foster, navlesnor og morkake, og kan representere ein risiko for komplikasjonar. Målet for studien var å kartlegga graden av innsnevring i navlevenen i låg-risiko svangerskap og om ei slik innsnevring hadde hemodynamiske effektar også innan fysiologiske variasjonsgrenser.

384 friske gravide blei undersøkte med ultralyd ein gong i svangerskapet. Navlevenediameter og blodstrømsfart blei målt på 3 ulike stader; i snor, i bukveggsinngangen og inne i fosterbuken.

Det blei funne aukande grad av innsnevring i bukveggsinngangen fram mot veke 20, etter at perioden med fysiologisk navlebrokk var avslutta ved utgangen av veke 12. I siste halvdelen av svangerskapet var førekomsten av konstriksjon konstant. 20% hadde ein reduksjon i kardiameter til halvparten eller mindre.

Svangerskapsutkome blei relatert til grad av innsnevring i navlevenen hos alle som fødde etter fullgåtte svangerskap. Navleveneforsnevringa såg ikkje ut til å representere nokon stor risiko ved fødsel bortsett frå ein auka risiko for Apgar score ≤7 etter 1 minutt. Statistisk analyse viste at innsnevring var assosiert med lengre navlesnor for jenter, og relativt større morkake for gutar.

Med dette er det etablert ein ny metode som kan brukast i fosterdiagnostikken. Metoden er både tenkt brukt til å skildra hemodynamiske reguleringsmekanismar i morkakeutviklinga, og til å identifisera foster med auka risiko for komplikasjonar p.g.a. ekstrem navlekonstriksjon.

Avhandlinga går ut frå Seksjon for obstetrikk og gynekologi, Institutt for klinisk medisin, og er utførd ved Seksjon for fostermedisin-Ultralydlaboratoriet, Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus.

Personalia:
Svein Magne Skulstad blei fødd i Samnanger i 1958. Medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Trondheim i 1985, turnusteneste ved Nordland Sentralsjukehus, Bodø, Fylkessjukehuset på Stord og Tysnes kommune. Tilsett ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus i 1990, spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar i 1997. I 2001-2004 tilsett ved Blodbanken, Haukeland Universitetssjukehus. 3 månaders stipendiatstilling ved Kompetansesenter for Klinisk Forskning, Haukeland Universitetssjukehus i 2004. Prosjektet har blitt støtta med legatmidlar frå Universitetet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesninga:
10.02.2005, kl. 14:15. Oppgitt emne: "General antenatal anti-D prophylaxis and fetal surveillance in red blood cell alloimmunization in pregnancy."
Sted: Store auditorium, Sentralblokka, Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad for disputasen:
11.02.2005, kl. 09:15, Store auditorium, Sentralblokka, Haukeland Universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Svein Magne Skulstad, epost: svein.skulstad@kk.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det medisinske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.