Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Proteinnedbrytande enzymer frå lakselus

Rasmus Skern   
Rasmus Skern disputerar fredag 25. november for PhD graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

''Trypsin and trypsin-like peptidases from Lepeophtheirus salmonis''

Lakselus er eit av dei største problema for villaks og oppdrettslaks, og påfører oppdrettsnæringa eit tap på 100-500 mill kr årleg. Ved å studere lakselusas biologi på molekylært nivå, er det mogleg å produsere viten som kan bidra til utvikling av nye avlusingsstrategiar. I tillegg tilhøyrer lakselusa hoppekrepsane, som er lite studert på det molekylærbiologiske nivå. Difor har resultata frå dette studiet ei generell vitskapleg interesse.

I avhandlinga er sju ulike proteasar (proteinnedbrytande enzym) skildra. Desse har fellestrekk med trypsin, som er eit vanleg fordøyingsenzym. Fem av desse er uttrykte i lakselusas tarm, og truleg involvert i fordøying. Denne trua styrkast av at uttrykket av dei fem proteasane aukar når lakselusa set seg på verten og startar å ete. Den sjette proteasen er uttrykt i vaksne holus, og genproduktet vert overført til lakselusas egg, der ein trur det vert aktivert. Sidan ein liknande protease med same uttryksmønster ikkje tidlegare er skildra, er det på det noverande tidspunkt kun mogleg å gjette på den biologiske funksjonen til denne proteasen. Den sjuande proteasen har i tillegg til proteaseregionen ein ekstra region kalla clip-domene. Fleire proteasar som inneheld slike clip-domener er kjende frå andre leddyr. Nokre av desse er involvert i immunreaksjonar og det spekulerast difor at den sjuande proteasen kan ha ein liknande funksjon.

Personalia:
Rasmus Skern er fødd i 1971 i Danmark og er oppvaksen fyrst ved kanten av Stevns klint og sidan i ein Nordvestsjællandsk epleplantasje. Han er utdanna Cand. scient. i marin økologi frå Universitetet i Tromsø. PhD arbeidet er utført ved Havforskningsinstituttet i Bergen og Universitetet i Bergen under rettleiing av Dr. Frank Nilsen, Dr. Jon Vidar Helvik og Prof. Anders Fjose.

Tid og stad for disputasen:
25.11.2005, kl. 10:15, Stort Auditorium, Høgteknologisenteret i Bergen.

Kontaktpersonar:
Rasmus Skern, epost: rasmus.skern@imr.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.