Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2005
NY DOKTORGRAD Helseprioriteringar i Tanzania"Economic evaluation of health interventions in sub-Saharan Africa. Applied economic evaluations and studies on time preferences for health in Tanzania" Avhandlinga har som mål å bidra til metodeutvikling og å betra kunnskapsbasen for prioritering mellom helseprogram i Afrika sør for Sahara. Det offentlege helsevesenet i eit land som Tanzania har eit budsjett på mindre enn 50 kr per innbyggar. Samtidig har landet enorme utfordringar når det gjeld førebygging og behandling av sjukdomar som HIV-AIDS, malaria, småbarnsdiarè, m.v., og den forventa levealderen i landet er i dag berre 46 år. Å prioritera mellom helseprogram i ein slik situasjon utgjer medisinske, etiske og økonomiske utfordringar som er enorme. Arbeidet er basert på fire artiklar, der to av dei handlar om økonomiske evalueringar av helseprogram innan spebarnsdiaré og hjarte-karsjukdom. Diaré er årsaka til om lag 3 millionar barnedødsfall årleg i u-land. I studien blir det funne at bruk av sink i behandling av dysenteri og andre former for diaré er ein svært kostnadseffektiv metode å redusera denne småbarnsdødeligheten på, og det blir konkludert med at sink bør inkluderast i retningslinjer for diarébehandling. Hjarte-karsjukdom er eit aukande problem i u-land, og t.d. slag er dobbelt så vanleg i Tanzania som i typiske europeiske land. Hjarte-karsjukdom kan effektivt førebyggast med hjelp av ei rekke legemiddel. I avhandlinga blir kostnader og forventa helsevinstar av 36 ulike medikament og medikamentkombinasjonar samanlikna. Mange av desse legemidla er svært kostnadseffektive, og den forventa kostnaden per leveår er i fleire tilfelle ned mot 300 kroner. Likevel er det usikkert om eit land som Tanzania bør innføra slik behandling, då landet har dårleg tilbod av fleire konkurrerande helsetiltak som er enno meir kostnadseffektive. Avhandlinga inneheld i tillegg to empiriske artiklar om tidspreferansar i Tanzania og ulike implikasjonar av desse. Tidspreferansar for helse beskriv korleis folk prioriterer mellom kortsiktige og meir langsiktige helsebetrande tiltak, t.d. i kva grad ein syns det er viktig å bruka ressursar på vaksinering kontra behandling av sjukdom. I den første artikkelen blir det konkludert at folk i Tanzania ser ut til å prioritera behandling av umiddelbare helseproblem i større grad enn førebygging, samanlikna med det som kjem til uttrykk gjennom retningslinjer for økonomisk evaluering. Den andre artikkelen samanliknar ulike diskonteringsmodellar. Det blir konkludert med at den diskonteringsmodellen som har dominert økonomisk evaluering i mange tiår i dette utvalet har dårlege deskriptive eigenskapar. Personalia: Tid og stad for prøveforelesninga: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |