Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2005
NY DOKTORGRAD Vekststimulerande protein i skjoldbruskkjertelkreft"PDGF-C: Structural analysis and endogenous intracellular expression with special reference to human thyroid tissue" Reigstad mottok eit 4-årig stipend fra Den Norske Kreftforening for å studere molekylærbiologiske eigenskapar til kreft i skjoldbruskkjertelen. Denne typen kreft utgjer berre 1% av nye krefttilfelle i Noreg kvart år, men ettersom dei aller fleste pasientar lever med sjukdomen i mange år, resulterar dette i ei stor pasientgruppe med diagnosen kreft i skjoldbruskkjertelen. Doktoravhandlinga omhandlar funksjons- og strukturstudiar av det vekststimulerande proteinet PDGF-C (Platelet-derived growth factor C) i skjoldbruskkjertelkreft. PDGF-C vart oppdaga i 2000 og har vist seg å vera involvert i normal utvikling og vedlikehold av kroppen, men deltek også i kreftutvikling. I doktorgradsarbeidet inngår analyse av PDGF-C i vev frå pasientar operert for skjoldbruskkjertelkreft ved Haukeland Universitetssykehus. Svært interessant er funnet av PDGF-C protein i cellekjernene, ettersom andre protein i same familie hovudsakleg er å finna utanfor cellene eller tilknytt cellemembranen. Under arbeidet vart det også oppdaga at PDGF-C finns i to ulike former, og at mengda av dei ulike formene varierar mellom kreftvev og normalvev. Desse analysane legg dermed grunnlaget for å forstå korleis PDGF-C deltek i kreftutviklinga, og er dei første data publisert om PDGF-C i skoldbruskkjertelkreft. Basert på modellering og strukturelle eksperiment har Reigstad også laga ein tre-dimensjonal struktur av PDGF-C proteinet. Dette er det einaste strukturelle arbeidet som er publisert på PDGF-C, og strukturen viser klar likskap til ein bestemt proteinfamilie involvert i vekststimulering av celler. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |