Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Mellomalderen sitt offentlege rom

Leidulf Melve   
Leidulf Melve disputer fredag 18. februar 2005 for dr.art.graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"The Medieval Public Sphere. Continuity and innovation in the polemical literature of the Investiture Contest."

Korleis fungerte mellomalderen sitt offentlege rom? Kva argumentasjonsmåtar nytta samtida sine intellektuelle? Er det mogeleg å tale om strukturendringar i ålmenta i perioden 1000-1150? Med desse spørsmåla som utgangspunkt, analyserer avhandlinga den store striden mellom pave- og kongemakt i høgmellomalderen, Investiturstriden. Denne striden, ofte karakterisert som ei 'revolusjonær' hending, var også ramma for den fyrste offentlege debatten i mellomaldereuropa. Her diskuterte lærde representantar for pave- og kongemakta ei rekkje spørsmål av politisk-teologisk karakter i eit offentleg rammeverk. Diskusjonen tok form av ein polemisk litteratur - ein pamflettlitteratur - som sirkulerte i lærde miljø hovudsakleg i Tyskland, Italia, og Frankrike, men også i England. Ved å analysere eit utval av denne litteraturen frå den tidlege fasen (1030-40) til avslutningsfasen som enda med konkordatet i Worms i 1122, peiker avhandlinga på ei rekkje særprega sider ved mellomalderen si ålmente.

Dei tidlege pamflettane var skrivne for eit lite og lærd publikum, og det er få ting som tyde på at desse forfattarane - mange av dei anonyme - vende seg til ei større ålmente. Då pavedømet med pave Gregor VII i spissen og det tyske riket fronta av kong Henrik IV involverte seg i striden på 1070- og 1080-talet, endra dette karakteren til den offentlege debatten; propagandabrev frå det pavelege og det kongelege kanselliet var resultatet, og desse breva var viktige fordi dei legitimerte offentleg debatt i freistnader på å løyse striden. 1080-åra opplevde såleis ein straum av pamflettlitteratur som skilde seg frå den tidlege på fleire måtar. Ikkje berre tok den i langt større grad omsyn til ålmenta, hovudsakleg i form av å adressere både intellektuelle motstandardar og eit udefinert 'politisk publikum.'

Kanskje endå viktigare: denne konkurransen om å overtyde ei politisk ålmente leia til intellektuelle nyvinningar. Tolking og kritikk er her to nøkkelord. Skribentane refererte stort sett til dei same autoritative tekstane - bibelen, kyrkjefedrane, og kyrkjelov - men tolka dei ulikt. Etter kvart går det opp for debattantane at det ikkje er tilstrekkeleg å berre sitere ein autoritativ tekst. Ein må også må gjere greie for kvifor ei gjeven lesing av teksten er den korrekte. Dette vart gjort ved å byrja å kontekstualisere den autoritative teksten i høve til andre tekstar på den eine sida, og ved å stille kritiske spørsmål til relevansen av den samtidige bruken av teksten i striden på den andre. I forlenginga av denne vekta på tolking og kritikk oppstår det andre intellektuelle nyvinningar: romersk lov vert gjenoppdaga i kongeskribentar si jakt på ein autoritet som kunne nyttast for å sementere kongemakta. Nyskapingar innan teologi oppstår som ei følgje av freistnader på å dra grenser mellom det religiøse og det verdslege området. Kyrkjeretten som i perioden før både var kaotisk og i somme høve sjølvmotseiande vert klårgjort og differensiert.

Personalia:
Leidulf Melve, f. 1972, oppvaksen på Voss. Cand phil. Universitetet i Bergen 1999, NFR-stipendiat 2001-2004, universitetslektor frå haust 2004 ved Historisk Institutt. Frå jan. 2005 forskar ved Senter for middelalderstudier i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
18.02.2005, kl. 10:15, Auditorium B, Sydneshaugen skule

Kontaktpersonar:
Leidulf Melve, tlf: 55582486, epost: leidulf.melve@hi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.