Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2005
NY DOKTORGRAD Dramatisk reduksjon i isdekket i Dei nordiske hav"On sea ice variability in the Nordic Seas" Sjøis er ein svært viktig komponent i klimasystemet. Først og fremst påverkar isen det globale energibudsjettet gjennom evna til å reflektere store delar av solstrålinga. Isen regulerar også utvekslinga av varme, fukt og rørslemengde mellom havet og atmosfæren. Sjøisen påverkar stabiliteten til det øvre laget i havet gjennom smelting og frysing, noko som er kritisk i områder som produserer djupvatn. Avhandlinga omhandlar sjøisen i Dei nordiske hav. Ein sterk reduksjon i isarealet dei siste 40 år er avdekka. Eksempelvis har det aldri tidlegare blitt observert mindre is i Barentshavet enn siste vinter. Den sterkaste prosentvise reduksjonen skjer om sumaren over Grønlandshavet. I dette området er det i hovudsak variasjonar i ei tunge med is, kalla Odden, som bestemmer isdekket. Odden kan einskilde vintrar utvikle seg og trekkje seg attende fleire gongar, medan den andre vintrar er fråverande. I dette området har ein relativt gode historiske data over isdekket sidan selfangarar noterte seg isgrensa under jakttida. Ved bruk av slike data er variasjonar frå år 1900 og til dags dato analyserte. Dei siste åra har Odden ikkje danna seg. Først og fremst er det eit varierande vindmønster som fører til variasjonar i utviklinga av Odden. Det er i avhandlinga vist at lavtrykksaktiviteten i den sørlege del av Dei nordiske hav i stor grad styrer langtidsvariasjonene i isdekket i Barentshavet. Det er utvikla ein metode for å varsle dette isdekket eit år på førehand. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |