Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Dynamikken i ein kjernekollisjon

Jens Ivar Jørdre   
Jens Ivar Jørdre disputerer torsdag 30. juni 2005 for dr.scient-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Rapidity and transverse momentum spectra and the reaction dynamics in Au+Au collisions at RHIC»

Avhandlinga skildrar ulike dynamiske modellar for kollisjonar av tunge atomkjernar ved høge energiar og diskuterer desse i lys av eksperimentelle resultat frå BRAHMS-eksperimentet. På Brookhaven National Laboratory, NY, USA, er Relativistic Heavy Ion Collider (RHIC) bygd opp. Når to tunge atomkjernar (i dette tilfellet gull) kolliderer med ein fart tett opp under lysfarten er det forventa at kvarkane, som ved låge energiar er bundne i proton og nøytron i atomkjernen, vil skapa større system med fleire hundre kvarkar. I tillegg vil det verta produsert store mengder gluon, ein partikkel som m.a. formidlar den sterke kjernekrafta. Denne blandinga vert kalla eit kvark-gluon-plasma.

For å vurdera om eit kvark-gluon-plasma har blitt produsert ved RHIC må ein skildra dei dynamiske prosessane i kollisjonen. Blir materien i dei innkommande gullkjernane stoppa fullstendig, eller kan det sjå ut som om kjernane passerer transparent gjennom kvarandre? Må ein skildra kollisjonane i tre romlege dimensjonar eller er det tilstrekkeleg med berre éin? Fyrst når ein har fått ein peikepinn på dei dynamiske prosessane kan ein estimera energitettleiken og vurdera om han tilstrekkeleg til at kjernematerien går frå vanleg hadronisk (proton og nøytron) til partonisk (kvarkar og gluon) materie.

Full stopp vs. transparent kollisjon har vore diskusjonstema dei siste tiåra, ofte knytta opp mot modellar av høvesvis Landau og Bjorken. Begge desse motståande modellane ser bort ifrå partikkelrørsler som ikkje er i same retning som dei innkommande kjernane, noko som forenklar utrekningane i stor grad. Resultat frå RHIC har blitt samanlikna med desse modellane. Enkelte resultat ser ut til å peika i retning av Landau, medan andre klart er i Bjorken sin favør. Ved hjelp av tredimensjonell datamodellering har Hirano og Nara kome opp med resultat som gjev ei meir heilskapleg skildring av dynamiske og andre prosessar i relativistiske kjernekollisjonar. I avhandlinga vert det argumentert til støtte for denne tredimensjonale modellen.

Personalia:
Jens Ivar Jørdre er fødd i 1974 og oppvaksen på Voss. Han tok eksamen for cand.scient.-graden i eksperimentell kjernefysikk ved Fysisk institutt, Universitetet i Bergen i 2000. Både hovudfag- og doktorgradsarbeidet er utført delvis ved Universitetet i Bergen og delvis ved Brookhaven National Laboratory i USA. Rettleiar har vore Prof. Dieter Röhrich.

Tid og stad for disputasen:
30.06.2005, kl. 13:00, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégt 41

Kontaktpersonar:
Jens Ivar Jørdre, tlf.: 90 12 19 74, epost: jensivar.jordre@ift.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.