Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Særpartiklar i kjernekollisjonar

Kristin Fanebust Hetland   
Kristin Fanebust Hetland disputerer fredag 9. desember 2005 for dr.scient-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

«Production of strange particles in lead-lead interactions at 158 A GeV/c»

Avhandlinga skildrar produksjonen av særpartiklar, dvs. partiklar som inneheld særkvarkar, i kollisjonar mellom to blykjernar ved svært høge energiar. Slike kollisjonar blir studerte på Det europeiske laboratoriet for partikkelfysikk, CERN, ved Geneve i Sveits. Arbeidet er ein del av eit internasjonalt forskningsprosjekt der målet er å auke kunnskapen om korleis materie oppfører seg ved høg temperatur og tettleik.

Ved normal temperatur og tettleik vil kvarkar vere bundne saman i partiklar som inneheld to eller tre kvarkar. Eit proton er til dømes bygd opp av tre kvarkar. På grunn av eigenskapane til den sterke kjernekrafta som bind kvarkane saman, vil ikkje kvarkar kunne eksistere som frie partiklar under desse tilhøva. Ved svært høg temperatur og tettleik er det venta ein faseovergang til ein materie der kvarkar og gluon, formidlarane av den sterke kjernekrafta, kan sjåast på som frie partiklar. Materie i ein slik tilstand vert kalla kvark -gluonplasma. Ein trur at Universet var i ein slik tilstand kort tid etter Big Bang. Kvark-gluonplasma kan også finnast i kjernen til enkelte nøytronstjerner med svært høg tettleik. Ved å la tunge kjernar med svært høge energiar kollidere med kvarandre, vert temperaturen og tettleiken høg nok til at ein kan studere ein faseovergang i laboratoriet.

Eit plasma som vert produsert i kollisjonar mellom tunge kjernar har ei svært kort levetid som gjer at ein ikkje kan måle plasmaet direkte. For å kunne påvise ein faseovergang til eit kvark-gluonplasma, studerer ein difor eigenskapane til partiklane som kvarkane dannar når plasmafasen er forbi. Ein ventar til dømes at produksjonen av særpartiklar vil vere større i kollisjonar der ein faseovergang til kvark-gluonplasma har funne stad enn i kollisjonar der det ikkje er ein slik faseovergang. I avhandlinga vert det presentert resultat frå WA97- og NA57 eksperimenta på CERN som viser ein auka produksjon av særpartiklar i tungionekollisjonar samanlikna med kollisjonar der ein ikkje forventar ein faseovergang. Saman med resultat frå andre eksperiment tyder dette på at ein faseovergang til eit kvar-gluonplasma har funne stad i desse kollisjonane.

Personalia:
Kristin Fanebust Hetland er født i 1971 og vaks opp på Lindås i Norhordland. Ho tok cand.scient. eksamen i eksperimentell kjernefysikk ved Fysisk institutt, Universitetet i Bergen i 1995. Doktorarbeidet er utført som universitetsstipendiat same stad frå 1996-2001, og fullført med stønad frå noverande arbeidsgivar Høgskolen i Bergen, Avdeling for ingeniørutdanning.

Tid og stad for disputasen:
09.12.2005, kl. 13:00, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégt. 41

Kontaktpersonar:
Kristin Fanebust Hetland, tlf.: 55 58 76 32, epost: kristin.hetland@hib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.