Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Kongekrabben krev moderniserte fiskereiskap

Hallvard Godøy   
Hallvard Godøy disputerar fredag 1. april 2005 for PhD.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Red king crab (Paralithodes camtschaticus) in Norwegian waters: Methods to reduce bycatch in passive fishing gears and estimates of unaccounted mortality in lost crab pots."

Avhandlinga omhandlar hovudsakelig problematikken rundt den introduserte arten kongekrabbe i forhold til vanskane den skapar som uønskt fangst (bifangst) i fiskeria med passive fiskereiskap (garn, liner, og torsketeiner) etter torsk i Finnmark. I periodar har høg bifangst av kongekrabbe gjort det vanskelig å drive tradisjonelt fiske etter torsk på grunn av at krabben reduserar reiskapanes effektivitet. Krabbar som fangast blir ofte skada og dør, men kan etter kvalitetsomsyn og regelverk ikkje leverast til krabbemottak. For å redusera bifangsten av kongekrabbe har ein modifisert dei ulike reiskapane ved å konstruere dei slik at dei vert ståande eit lite stykke over botnen (0,5-1m). Kongekrabben, som held til på botnen, kjem då i liten grad i kontakt med dei. Resultata viser at dette gjev ein kraftig reduksjon i krabbefangsten. Fangst av torsk er i stor grad oppretthaldt, men kan i enkelte tilfeller bli noko redusert.

Avhandlinga tek også for seg om kongekrabbeteiner som blir tapt under fisket har effekt på dødeligheten i kongekrabbebestanden. Sidan kongekrabben er ein høgt betalt ressurs, er det blitt utvikla ei egen teine til å fiske kongekrabbe med i Norske farvatn. Som eit ledd i denne utviklinga er det gjort undersøkingar om teiner som blir tapt under fiske kan fortsette å fiske (spøkelsesfiske) og dermed ei kjelde for skjult dødelighet i kongekrabbebestanden. Resultata viser at tapte teiner fortsett å fiske krabbe, men over tid klarar dei fleste krabbane å rømme frå teinene igjen. Dermed ser det ikkje ut som at tapte kongekrabbeteiner har nokon betydning på dødeligheten i bestanden av kongekrabbe.

Personalia:
Hallvard Godøy er født på Tysnes i 1970 og oppvaksen på Stord i Sunnhordland. Han er utdanna Fiskerikandidat ved Norges Fiskerihøgskole/Universitetet i Tromsø i 1998, med hovudfag innan fiskeriteknologi. I 1998 blei han tilsett som forskar ved avdeling for "Ansvarlig fangst" ved Havforskningsinstituttet, og fekk NFR-stipendiat i 1999.

Tid og stad for disputasen:
01.04.2005, kl. 09:15, Store auditorium, Høyteknologisenteret

Kontaktpersonar:
Hallvard Godøy, tlf. 55 23 68 04, epost: hallvard.godoy@imr.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.