Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2005

NY DOKTORGRAD

Korleis betre kunne utnytte solenergi

Knut-Frode Dagestad   
Knut-Frode Dagestad disputerer den 15. juni 2005 for for dr.scient-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Estimating global radiation at ground from satellite images"

Solenergi dekkjer i dag berre 0.1 prosent av det totale energiforbruket i verda, men er spådd ein dramatisk vekst i nær framtid. Ein av vanskane med å utnytte solenergi er at den er like uberekneleg som skyene som dekkjer for sola. For å nytte denne energikjelda meir effektivt er det difor viktig å vite korleis mengda av solstråling ved bakken varierer geografisk og gjennom året. Dette kan ein kartleggje ved direkte målingar, men diverre er det langt mellom målestasjonane. Eit alternativ er å nytte satellittbilete til å estimere skydekket - og dimed også solstrålinga ved bakken. Slike estimat er ikkje like nøyaktige som direkte målingar, men derimot dekkjer satellittane nesten heile verda.

Avhandliga omhandlar ein velkjend metode for å berekne solstråling ved bakken ("globalstråling") frå satellittar. Resultat frå denne metoden er samanlikna med direkte målingar, og på grunnlag av dette er fleire forbetringar føreslegne. Delar av metoden er gjort meir effektiv, slik at det vert mogeleg å nytta den meir detaljerte informasjonen om atmosfæra som er tilgjengeleg frå dei nyaste satellittane. I arbeidet er det også nytta numeriske modellar som kalkulerer transport av solstråling gjennom atmosfæra. Det er lagt vekt på å gjere metoden enklare å forstå og å utvikle vidare.

Personalia:
Knut-Frode Dagestad er fødd 17. juli 1973 i Stavanger og er oppvaksen på Bolkjen på Voss. Han tok sin cand.cient. eksamen i meteorologi ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen i 2001. Doktorgradsarbeidet er utført ved Geofysisk institutt og delvis ved Nansen senter for miljø og fjernmåling i Bergen.

Tid og stad for disputasen:
15.06.2005, kl. 13:15, Auditoriet i Austfløya, Geofysisk institutt, Allegaten 70

Kontaktpersonar:
Knut-Frode Dagestad, 55 20 58 68 (a), 932 66 733 (p), epost: knutf@gfi.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post: mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.