Universitetet i
Bergen : Doktorgrader : 2004
NY DOKTORGRAD På leit etter ein ny type kjernematerie”High pT Physics in Heavy Ion Collisions at sqrt (s_NN) = 200 GeV” Ved å kollidera atomkjernar med ein fart tilnærma lysfarten vert atomkjernen sterkt komprimert og varma opp til ekstreme temperaturar. I slike kollisjonar er det forventa at proton og nøytron smeltar og frigjev kvarkar og gluon i ein ny type kjernematerie kalla kvark-gluon-plasma. Dersom eit plasma vert skapt, vil det raskt kjølna, ekspandera og slå seg saman til partiklar som kan sporast i detektorar. Oppgåva skildrar leitinga etter kvark-gluon-plasmaet ved å studera partiklar med høg transvers impuls som er produserte i kollisjonar av tunge ionar. Ved å samanlikna teoretiske utrekningar med eksperimentelle resultat frå kollisjonar av gull-kjernar ved Brookhaven National Laboratory har me funne indikasjonar på at ei slik form av kjernematerien har blitt produsert. Personalia: Tid og stad for disputasen: Kontaktpersonar: Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte. |